Offentleglova

Alle kan be om innsyn i saksdokument hos dei forvaltningsorgana som er omfatta av offentleglova. Bruk eInnsyn til å be om innsyn i brev og dokument frå statlege verksemder.

Fylkesmannen rettleier og gir råd på offentleglovas område, blant anna overfor kommunane. Etter offentleglova er forvaltninga sine saksdokument i prinsippet opne for innsyn. Lova gjeld også for ein del sjølvstendige rettssubjekt der det offentlege har ein stor eigardel, for eksempel energi- og renovasjonsselskap.

Avslag på innsyn

Avslag på krav om innsyn skal alltid vere skriftleg, og det skal vise til den føresegna i lova som gir grunnlag for å halde tilbake opplysningane. Sjølv om det er heimel for å nekte innsyn, skal forvaltningsorganet likevel vurdere om du kan få innsyn i dokumentet eller opplysningar i dokumentet. Dette er i tråd med det såkalla prinsippet om meiroffentlegheit. Opplysningar som det er teiepliktig om, er unnatekne offentlegheit. 

Klage på avslag om innsyn

Dersom kommunale eller fylkeskommunale organ eller offentleg eigde rettssubjekt har avslått søknaden din om innsyn, kan du klage til Fylkesmannen. Dersom du er nekta innsyn i Fylkesmannens dokument, er det ansvarleg fagdepartementet som er klageinstans. Ei klage etter offentleglova skal sendast til og først behandlast av det organet som avslo innsyn.

Vis meir