Nå sender me digital post til rogalendingane. Kva bør du gjera?

I 2018 skal Fylkesmannen i Rogaland senda alle brev digitalt til innbyggarane.
I 2018 skal Fylkesmannen i Rogaland senda alle brev digitalt til innbyggarane. (Foto: Difi/Fylkesmannen i Rogaland)

I 2018 skal alle breva frå oss til privatpersonar i Rogaland sendast digitalt. Har du huska å oppretta ein digital postkasse?

Heile 98 000 dokument gjekk ut eller inn hos Fylkesmannen i Rogaland i 2017. Det meste av dette var vanleg brevpost. I 2018 skal alle brev til privatpersonar sendast digitalt frå oss.

På landsbasis sender det offentlege ut rundt åtte brev per innbyggar i året. Det tilsvarer 40 millionar brev. Å senda desse breva kostar 400 millionar kroner årleg. Dette er pengar som kan brukast til andre viktige ting.

Kva bør du gjera?

Det er ein stor fordel å ha ein digital postkasse. Om lag 1,8 millionar innbyggarar har oppretta ein slik. Så langt.

Det er ikkje nok å ha ein vanleg e-post-konto. Grunnen til dette er at me ikkje skal senda (person)sensitiv informasjon på denne måten. Med digital postkasse får du ei sikker løysing for å motta og oppbevara viktig post digitalt. I tillegg kjem svaret langt raskare når du slepp å venta på postgangen. Du har to digitale alternativ å velja mellom.

e-Boks eller Digipost

Enten opprettar du ein digital postkasse hos e-Boks eller Postens Digipost. Det er heilt opp til deg. Fordelane for deg er mange:

  • Du mottar posten med ein gong
  • Du har tilgang til posten over alt
  • Du sparer miljøet (mindre papirbruk, færre utskrifter og redusert transportbehov)
  • Både du og me sparer porto på å velja digital post.

Har du alt digital postkasse?

Viss det er lenge sidan du har logga deg inn, er det lurt å gjera det nå for å:

  • Sjekka at kontaktinformasjonen din er rett
  • Bestilla varsling på SMS eller e-post når du får brev frå det offentlege

(Artikkelen held fram under biletet)

 

Kan du senda digitalt til Fylkesmannen i Rogaland?

Ja. Den sikraste og føretrekte måten du tar kontakt med oss på, er å bruka eit digitalt meldingsskjema, «Send sikker melding».

Du loggar inn via ID-porten, eit felles og sikkert innloggingssystem for offentlege tenester. Fordelen er at du kan senda (person)sensitiv informasjon gjennom denne løysinga. I tillegg handterer systemet store vedlegg.

Separasjon, skilsmisse eller mobbing?

Det er verdt merka seg at det finst digitale løysingar for det meste. Skal du til dømes melda frå om mobbing i skulen? Skal du søka separasjon eller skilsmisse? Det finst eigne digitale skjema for dette. Alle desse skjemaa er samla i ein felles portal. Merk at det finst eigne digitale løysingar som gjeld verjemål.

Får du ikkje brev frå oss på papir?

Jo, det gjer du viss:

Systemet vårt er lagt opp slik at dersom du har digital postkasse, sender me til denne adressa. Har du det ikkje, kjem brevet som vanleg brevpost.

Kontaktpersonar

Motta digital post fra det offentlige!