Fylkesmannen i Rogaland blir endå meir digital

I 2018 skal Fylkesmannen i Rogaland senda alle brev digitalt til innbyggarane.
Nå sender Fylkesmannen i Rogaland alle brev digitalt til både innbyggarar og verksemder. (Foto: Difi/Fylkesmannen i Rogaland)

Eitt av regjeringa sine satsningsområde er digitalisering. Det betyr at Fylkesmannen i Rogaland nå sender mest mogleg av utgåande post digitalt. Dette gjeld både privatpersonar og verksemder.

Til privatpersonar sender me til den digitale postkassen. For offentlege etatar, private verksemder og organisasjonar er det Altinn som gjeld.

Korfor Altinn?

Digitaliseringsrundskrivet til regjeringa slår fast at "Altinn skal benyttes for digital post fra forvaltningen til næringsdrivende og andre virksomheter med organisasjonsnummer".

Dei digitale løysingane som Fylkesmannen i Rogaland nyttar, har høgaste tryggleiksnivå. Dermed kan me også senda personsensitiv informasjon. Det har me ikkje lov å gjera med vanleg e-post.

  • All post til privatpersonar blir ekspedert digitalt. Dersom mottakar ikkje har oppretta digital postkasse, eller har reservert seg, blir dokumentet automatisk skrive ut og sendt i posten.
  • Legar, bønder, advokatar m.fl. som korresponderer med Fylkesmannen i eigenskap av profesjonen sin, mottar post i Altinn.
    • Post frå Fylkesmannen som gjeld verksemda, blir sendt som firmapost til organisasjonsnummeret.
    • Dersom dokumentet til dømes gjeld legen som person, blir det sendt til den private, digitale postkassen.
  • Post til f.eks. skular, sjukeheimar eller andre undereiningar i ein kommune, blir sendt til kommunens hovudorganisasjonsnummer. Avhengig av korleis offentlege verksemder har sett opp postmottaka sine, ligg det i Altinn eller direkte i mottakaren sitt sak-/arkivsystem.

Husk rett rolle i Altinn

For å kunna finna og henta ut brev som er sendt til Altinn-postkassen til verksemda, må ein ha rett rolle-tilgang. Det betyr i praksis: Basisrolle og Post/arkiv.

Dersom du har spørsmål om bruk av Altinn, kan du ta kontakt her.

Bruk dei digitale tenestene!

Me oppmodar alle som tar kontakt med Fylkesmannen i Rogaland om å bruka dei digitale løysingane. Det er sjølvsagt høve til å senda oss e-post også, men me gjer merksam på at det ikkje er lov å senda personsensitive opplysningar på e-post.

Ein siste ting...

Me gjer spesielt merksam på at alt som gjeld verjemål har eigne skjema. 

Kontaktpersonar