St. Olav til svilingeniør Knut Åm

På ei tilstelling i Norges Tekniske Vitenskapsakademi i Trondheim 11. september vart sivilingeniør Knut Åm utnemnd til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.

Han fekk ordenen for sin innsats for utvikling av norsk petroleumsnæring. Knut Åm har hatt ulike leiarstillingar i petroleumsindustrien og har mellom anna vore administrerande direktør for Phillips Petroleum Norge. Han har leia store utviklingsprosjekt i næringa, og står bak og har medverka til vesentlege forskings- og utgreiingsoppgåver. 

Knut Åm bur i Stavanger og ordenen vart delt ut av assisterande fylkesmann Harald Thune.

Her kan du lese fylkesmannens tale.

ass. fylkesmann Harald Thune deler ut St. Olavs Orden til sivilingeniør Knut Åm

Knut Åm og Harald Thune

Harald Thune og Knut Åm