Revidering av statuttane for Kongens fortenstmedalje

Krava til medaljekandidatane sin innsats er blitt strengare etter endringa i mars i fjor, og Slottet har delt ut betydeleg færre medaljar i året som gjekk.

Nemninga på påskjøninga er ”Kongens fortenstmedalje”, og valøren er sølv. Medalja blir ikkje lenger delt ut i gull (med nokre få unntak).

Statuttane har fire punkt, og beskriv innsats som kan påskjønast, og krava er strenge.

I alle punkta ser ein etter ei ”Ildsjel”, ein person med brennande iver og begeistring, og som skil seg ut på ein heilt spesiell måte. Når det gjeld punktet om særleg fortjenstfullt arbeid, er det ikkje nok at kandidaten har utført arbeidet sitt på ein utmerka måte. Innsatsen må vera betydeleg over det normale, og heilt klart skille seg ut.

Politisk arbeid kvalifiserer ikkje til påskjøning.

I 2012 blei det i Rogaland delt ut ein St. Olavs Orden.  11 personar  fekk Kongens fortenstmedalje,  9 menn og 2 kvinner,  fordelt på 9 kommunar. Dette er 13 færre medaljar enn året før.

Personar i Rogaland som har tatt imot medalje og St. Olavs orden finn du her.

Søknad om Kongeleg påskjøning skal stilast til H.M. Kongen, og sendast til Fylkesmannen i det fylket kandidaten bor.