Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Rogaland med Litteraturtoget

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit drar for femte gong på tur med Litteraturtoget – i år går turen frå Kristiansand til Stavanger, 6.-8. juni.

Saman med NSB og Deichman bibliotek reiser Kronprinsessa rundt i Norge med eit tog fylt med litteratur – Litteraturtoget. Den vesle bokfestivalen på skinner har seks stopp undervegs, og årets tema er relasjonar. Med seg på turen har Kronprinsessa eit godt knippe forfattarar. Ikkje berre har dei skrive gode bøker, dei har også spennande historier og tankar å dela med publikum på dei opne arrangementa undervegs.

Opne litteraturarrangement på kvar stoppestad

Kronprinsessa snakkar med forfattarar, eller legg til rette for gode forfattarsamtalar for eit stort og bokinteressert publikum. I år blir det litterære arrangement i Vest-Agder og Rogaland: Kristiansand, Mandal, Egersund, Ogna og Stavanger. Arrangementa er opne for publikum. Kronprinsessa er i Rogaland 7. og 8. juni. Programmet her i fylket er slik (kan bli justeringar):

Torsdag 7. juni

  • kl. 12.00: Egersund bibliotek. Forfattarsamtale. Kronprinsessa samtalar med Monica Isakstuen (mottok Brageprisen i 2016).
  • kl. 13.00: Kronprinsessa drar tilbake til Egersund stasjon. Toget er ope for publikum frå klokka 12.00. 
  • kl. 14.03: Litteraturtoget drar vidare til Ogna.
  • kl. 14.14: Litteraturtoget kjem til Ogna stasjon. Toget er ope for publikum.
  • kl. 14.15: Kronprinsessa kjem til Ogna bibliotek. Forfattarsamtale. Fredrik Wandrup samtalar med lyrikar og psykolog Helge Torvund.
  • kl. 15.15: Kronprinsessa drar tilbake til Ogna stasjon.
  • kl. 16.20: Litteraturtoget drar vidare til Stavanger.
  • kl. 17.48: Kronprinsessa og Litteraturtoget kjem til Stavanger stasjon. Toget er ope for publikum.
  • kl. 19.30: Frå tog til skip: Kronprinsessa drar med MS Sandnes til Lysefjorden med forfattarane Carl Frode Tiller og Jostein Gaarder – og gjester. Me satsar på strålande vær og ein varm sommarkveld med temaet litteratur, natur og klima.

Fredag 8. juni

  • 10.00–11.00: Kronprinsessa kjem til Sølvberget, Stavanger bibliotek og kulturhus. Forfattarsamtale. Zeshan Shakar (Tarjei Vesaas-prisvinnar) samtalar med ordførar i Oslo, Marianne Borgen.
  • Litteraturtoget 2018 blir avslutta etter dette arrangementet.

Det finst ei bok for alle om bord – besøk litteraturtoget

Kronprinsessa har lenge engasjert seg for å få fleire til å lesa bøker og bruka biblioteka våre. Som ho sjølv har sagt fleire gonger: – Det finst ei bok for alle! Dette gjeld også om bord på årets litteraturtog. Dei dyktige bibliotekarane frå Deichman bibliotek har fylt bibliotekvogna i toget med gode bøker av både kjente og ukjente forfattarar.

Bibliotekvogna er open på kvar stasjon, og publikum er hjarteleg velkommen om bord. Der har dei høve til å bla i bøkene, oppdaga nye bøker eller kanskje få eit gjensyn med ein gammal favoritt? Kronprinsessa har også ei eiga bokhylle på toget med eigne favorittar.

Snakk med Kronprinsessa om bøker

I sosiale kanalar er Kronprinsessa alt i gang med å snakka med følgarane sine på Instagram om bøker, og tipsa strøymer inn. Kronprinsessa ønsker at også dette litteraturtoget skal inspirera til boksamtalar– ikkje berre langs ruta, men også i sosiale medium, og dermed inspirera til leselyst langt utover skinnegangen.

Presseakkreditering og meir informasjon

Det blir pressetreff med Kronprinsessa på kvar stoppestad. Redaksjonar i Rogaland som vil dekka besøket, akkrediterer seg (namn, funksjon, redaksjon, e-post og mobil) til John Gunnar Skien, kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland. Eit detaljert presseprogram blir lagt ut på denne sida seinare.

Nasjonal presse akkrediterer seg til Christian Lagaard, Det kongelige hoff.

NB! Pressa har høve til å følga toget frå Egersund i eiga pressevogn dersom det er ønskeleg. Gi i så fall beskjed om dette i akkrediteringa.

Frist: 4. juni 2018 klokka 12.00.