Kronprinsen til Haugesund og Klepp

Kronprins Haakon på filmfestivalen i Haugesund 2015
12. januar kjem Kronprins Haakon til Haugesund og Klepp. Biletet er frå hans førre besøk i Haugesund i 2015. (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

PRESSEINFORMASJON: Torsdag 12. januar besøker H.K.H. Kronprinsen Haugesund og Klepp. I Haugesund deltar Kronprinsen under opninga av Kubator, før han drar vidare til Klepp og møte i hovudkomiteen for europameisterskapen i surfing i 2017 og 2018.

Kronprinsen engasjerer seg i surfing og har takka ja til å vera medlem i Norges Seilforbunds (NSF) nyoppretta surfekomite. Kronprinsen sit i tillegg i hovudkomiteen for europameisterskapen i surfing i 2017 og 2018 som blir arrangert på Borestranda i Klepp kommune. I forkant av komitemøtet på Klepp drar Kronprinsen til Haugesund for å delta under den offisielle opninga av den nye yngleplassen for gründerar.

Opning av Kubator i Haugesund

Kubator er ein møteplass for gründermiljøet på heile Haugalandet. For Haugesund kommune har det vore eit mål å etablera ein kultur for internasjonalisering, følgja med på nye trendar og satsa på innovasjon og utvikling. Dette håper ein er enklast å oppnå ved å samla ulike initiativ i eitt område og under éi overbygning. Kubator har fleire innhaldsleverandørar og er lokalisert i kontorlokale i Høvleriet, vegg i vegg med kulturhuset Gamle Slaktehuset. Kronprinsen kjem til opninga kl. 10.00. Etter opninga av Kubator skal Kronprinsen vidare til Gamle Slaktehuset og få ein presentasjon av introduksjonsprogrammet og Nye Bølger.

Eurosurf 2017 i Klepp

Kronprinsen avsluttar besøket i Haugesund kl. 12.00 og drar deretter vidare til Klepp og møte i hovudkomiteen for EM i surfing.

Akkreditering

Presse som ønskjer å dekkja kronprinsbesøket i Haugesund 12. januar, sender ein e-post med namn, redaksjon og kontaktinformasjon (e-post og mobil) til journalist/fotograf til John Gunnar Skien, kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland innan tysdag 10. januar 2017 kl. 12.00.

Presseprogrammet blir lagt ut på denne sida når det er klart.

Meir informasjon