Kronprinsen besøker innovasjonsmiljøet i Stavanger

Kronprinsen besøker Stavanger 16. november. Her frå besøket i Sandnes i 2015.
Kronprinsen besøker Stavanger 16. november. Her frå besøket i Sandnes i 2015.

PRESSEINFORMASJON: Onsdag 16. november besøker H.K.H. Kronprinsen Stavanger. Han skal møta innovasjonsmiljøet i regionen.

Det blir besøk hos både Smart Plants på Forus og Innovation Dock på Siriskjeret i Stavanger.

Bedriftsbesøk hos Smart Plants

Kronprinsen kjem til Forus-bedrifta Smart Plants (Lagerveien 9, 4033 Stavanger) om lag kl. 11.00. Denne bedrifta har spesialisert seg på smart teknologi som effektiviserer straumforbruket i bygningar. Systemet overvakar og analyserer vær og vind og kan gi store årlege innsparingar økonomisk –  og mindre CO2-utslepp. Smart Plants er ein del av Creator Makerspace-miljøet, ein spennande arbeids- og møteplass for nyskaparar. Her blir det mellom anna bygd droner og elektriske syklar. Verkstaden har alt frå tre-, metall-, elektronikkverkstad, til den største heimelaga 3D-printeren i Skandinavia.

Innovation Dock

Etter besøket på Forus, går turen vidare til Innovation Dock i Stavanger. Her blir det lunsj i lag med gründerar og inviterte frå innovasjonsmiljøet. Innovation Dock blei starta i januar 2015 og skal vera ein plattform for vekstselskap, men også møteplass for idear, innovasjon og ny vekst. Innovation Dock utvidar nå og skal ha plass til over 200 gründerar og innovatørar. Kronprinsen kjem hit om lag kl. 12.00 (Innovation Dock, Bryggerikaien 24 (Siriskjeret), 4014 Stavanger).

Bakgrunnen for besøket

Kronprinsen skal delta på Slush 2016-konferansen i Helsinki i månadsskiftet november/desember. Dette har blitt den leiande møtestaden i Europa for gründerar, investorar og teknologi, med rundt 15 000 deltakarar. Fleire selskap frå Stavanger-regionen skal delta. Kronprinsen vil møta dei som drar i år – og høyra om erfaringane til dei som har deltatt på Slush-konferansen tidlegare. Stavanger-regionen har opplevd den største gründerbølga i Norge, og nå er tida inne for å utvikla desse til vekstkraftige bedrifter. Innovasjon Norge har ei viktig rolle som tilretteleggar for at gode gründerar skal bli endå betre, lukkast raskare og veksa internasjonalt.

Akkreditering

Presse som ønskjer å dekkja kronprinsbesøket i Stavanger 16. november, sender ein e-post med namn, redaksjon og kontaktinformasjon (e-post og mobil) til journalist/fotograf til John Gunnar Skien, kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland innan måndag 14. november kl. 12.00. Presseprogrammet blir lagt ut på denne sida når det er klart. 

Meir informasjon