Kronprinsen besøker Eurosurf 2017 i helga

Kronprins Haakon i Sandnes
Kronprinsen besøker Eurosurf 2017-arrangementet til helga. Her frå eit besøk i Sandnes i 2015. (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

PRESSEINFO: Laurdag 7. oktober besøker Kronprinsen Klepp i samband med opninga av Eurosurf på Borestranda. Kronprinsen deltar også under opningsarrangementet i Stavanger konserthus på kveldstid.

Kronprinsen er medlem av hovudkomiteen for Eurosurf 2017, som finn stad på Borestranda i Klepp i perioden 7. – 16. oktober. Han har derfor deltatt på fleire møte i regionen vår i 2017.

Besøker arrangementsområdet på Borestranda

Kronprinsen kjem til Borestranda kl. 10.25 laurdag føremiddag. Her skal han få ei omvising på arrangementsområdet, i tillegg møter han norske deltakarar som er i gang med konkurransane. Det blir også lagt opp til eit pressetreff kl. 10.40.

Også søndagen skal kronprinsen følga konkurransane på Borestranda.

Opningsseremoni i Stavanger konserthus

Kl. 17.20 laurdag ettermiddag kjem han til Stavanger konserthus, der den offisielle opninga av Eurosurf 2017 finn stad. Kronprinsen skal mellom anna stå for opningstalen.

Akkreditering

Presse som ønsker å dekka arrangementet på Borestranda og i Stavanger konserthus, sender ein e-post med namn og kontaktinformasjon (e-post og mobil) til journalist/fotograf til John Gunnar Skien, kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland innan fredag 6. oktober kl. 10.00.

Det detaljerte presseprogrammet for besøket blir lagt ut på denne sida når det er klart.

Meir informasjon

Kontaktpersonar

Dokument