Fire rogalendingar klare for Afternoon Tea på Slottet

Afternoon Tea har ein lang tradisjon på Slottet. Her frå arrangementet i 2015,
Afternoon Tea har ein lang tradisjon på Slottet. Her frå arrangementet i 2015, (Foto: Det Kongelege Hoffet)

PRESSEINFO: 17. oktober reiser Eli Brekken (Gjesdal), Egil Thorleif Olsen (Karmøy), Grethe Berit Holmestad (Suldal) og Gaute Erevik (Klepp) til Oslo. Dei er alle inviterte til Afternoon Tea med kongeparet. Men først skal dei få gode råd, tips og ein kaffidrøs hos fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

Det er fjerde gongen kongeparet inviterer til Afternoon Tea. Det har vore så vellukka at suksessen blir gjentatt i år. Fire personar frå kvart fylke er inviterte, alle aktive i lokalmiljøa sine på ulike vis. Bakgrunnen for invitasjonen er at Kongeparet ønsker å fokusera på verdien av ein aktiv alderdom.

Ein lang og god tradisjon

Dei fire som reiser frå Rogaland er plukka ut av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, i tett samarbeid med dei fire heimkommunane. Afternoon Tea er ein gammal engelsk skikk som Dronning Maud tok med seg inn i kongefamilien. Så det er ein lang tradisjon for dette på Slottet. Det nye dei siste åra er at kongeparet samlar aktive eldre på denne måten.

Først kaffidrøs med Magnhild

Onsdag 4. oktober kl. 11.00–13.00, er utsendingane våre inviterte til kaffi i lag med fylkesmannen i Statens Hus. Kleppa har vore på Slottet før og synest det er både kjekt og nyttig å dela erfaringar – og ikkje minst få drøst med dei fire utvalde rogalendingane.

Deltakarane frå Rogaland

  • Eli Brekken (70). Gjesdal. Er aktiv i frivillig arbeid, særleg som Gjesdalvenn gjennom Frivilligsentralen. Ho er brennande engasjert i arbeidet for flyktningar og innvandrarar – og er ei aktiv støtte for både enkeltpersonar og familiar.
  • Egil Thorleif Olsen (77). Karmøy. Friluftslivsmann, merkar løyper, vedlikehald av turstiar og fjellhytte. Initiativtakar til Karmøy-marsjen. Engasjert i ungdomsarbeid i kyrkjelyden – og speidarleiar.
  • Grethe Berit Holmestad (74). Suldal. Aktiv støttespelar for alt musikkliv i bygda. Hovudansvar for t.d. kostymar til mannskoret Gullgutane og for administrasjon og uniformer til musikkorps. Stiller opp for både lag, organisasjonar og enkeltpersonar.
  • Gaute Erevik (66). Klepp. Leksehjelpar. Har dei siste åra hjelpt mange ungdommar med innvandrarbakgrunn til å ta realfag. Har nøkkel til Frivillighetssentralen og avtaler sjølv møte med ungdommane når det trengst. Støttespelar for dei i andre daglege utfordringar.

Det er høve til å møta Brekken, Olsen, Holmestad, Erevik og fylkesmannen i samband med kaffidrøsen; 4. oktober klokka 12.30 i Statens Hus. Dersom det er aktuelt, er det fint om de gir ei tilbakemelding.

Kontaktpersonar