Kongelege besøk

Kongefamilien gjer ei rekkje offisielle reiser og besøk både i Noreg og i utlandet. Fylkesmannen har i oppgåve å førebu, gjennomføre og evaluere kongeleg besøk i samråd med Det kongelege hoff. Ansvaret vårt gjeld kongelege reiser og besøk av offisiell karakter her i landet. 

Presseprogram og akkreditering

Ein viktig del av oppgåva vår er å leggje til rette for at media skal få gode arbeidsvilkår når kongefamilien kjem på besøk eller deltek på arrangement. I samråd med hoffet lagar vi eit medieopplegg for journalistar og fotografar. Journalistar og redaksjonar som ønskjer å dekkje det kongelege besøket, må søkje om akkreditering. Akkreditering skjer som regel via eit digitalt skjema på Fylkesmannens nettsider. Akkrediterte journalistar og fotografar får tilgang til eigne presseområde.

Nokre gonger er det av plassomsyn nødvendig å bruke pressepool eller fotopool. Det vil seie at nokre få av dei akkrediterte får vere til stades mot at dei deler materialet sitt med andre akkrediterte journalistar og redaksjonar. Når vi brukar pool, følgjer vi Norsk Presseforbunds poolreglement.

Invitasjonar

Arrangørar som ønskjer å invitere medlemmer av kongefamilien, blir bedne om å sende invitasjonen til Fylkesmannen i det aktuelle fylket. Dette gjeld arrangement utanfor Oslo. Fylkesmannen bringar invitasjonen vidare til hoffet, som saksbehandlar invitasjonen.


05.10.2018

Kronprinsens SIKT-konferanse blir arrangert i Stavanger

PRESSEINFO: Kronprinsen har invitert unge leiarar og talent til Universitetet i Stavanger 22. og 23. oktober og SIKT-konferansen 2018. Temaet i år er endring.


24.08.2018

Kronprinsen kjem til ONS 2018

Måndag 27. august besøker H.K.H. Kronprinsen Stavanger og ONS 2018. Han skal vera til stades under opningsseremonien og skal også besøka fleire av utstillarane. 


10.06.2018

Dronninga besøker Skudeneshavn og Avaldsnes 21. juni

PRESSEINFO: Hennar Majestet Dronninga kjem til Karmøy sjøvegen med KS Norge. Etter landgangen skal Dronninga få oppleva både historiske Skudeneshavn, Nordvegen Historiesenter, kongsgardruinen og Vikinggarden.


25.05.2018

Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Rogaland med Litteraturtoget

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit drar for femte gong på tur med Litteraturtoget – i år går turen frå Kristiansand til Stavanger, 6.-8. juni.


13.04.2018

Kongen besøker to rogalandskommunar 17. april

OPPDATERT: Folk i Gjesdal og Bjerkreim kan berre gleda seg. 17. april kjem Hans Majestet Kongen på besøk. Nå er presseprogrammet for besøket klart.


27.02.2018

Kronprinsen besøker Karmøy 7. mars

PRESSEINFORMASJON: Kronprinsen besøker store norske bedrifter for å sjå korleis dei jobbar - ikkje minst med tanke på grøn omstilling. 7. mars er det teknologipiloten til Hydro Aluminium og fôrprodusenten BioMar som står på programmet. 


04.10.2017

Kronprinsen besøker Eurosurf 2017 i helga

PRESSEINFO: Laurdag 7. oktober besøker Kronprinsen Klepp i samband med opninga av Eurosurf på Borestranda. Kronprinsen deltar også under opningsarrangementet i Stavanger konserthus på kveldstid.


29.09.2017

Fire rogalendingar klare for Afternoon Tea på Slottet

PRESSEINFO: 17. oktober reiser Eli Brekken (Gjesdal), Egil Thorleif Olsen (Karmøy), Grethe Berit Holmestad (Suldal) og Gaute Erevik (Klepp) til Oslo. Dei er alle inviterte til Afternoon Tea med kongeparet. Men først skal dei få gode råd, tips og ein kaffidrøs hos fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.


09.06.2017

Kronprinsen besøker Klepp 15. juni

PRESSEINFORMASJON: Torsdag 15. juni besøker H.K.H. Kronprinsen Klepp. Først blir det nytt møte i hovudkomiteen for Eurosurf, deretter deltar Kronprinsen under Blått flagg-markeringa ved Friluftshuset på Orre.


03.01.2017

Kronprinsen til Haugesund og Klepp

PRESSEINFORMASJON: Torsdag 12. januar besøker H.K.H. Kronprinsen Haugesund og Klepp. I Haugesund deltar Kronprinsen under opninga av Kubator, før han drar vidare til Klepp og møte i hovudkomiteen for europameisterskapen i surfing i 2017 og 2018.


Fleire nyhende


Lenkjer