Tilsette i barnevernet treng ikkje lenger samtykke frå Fylkesmannen for å vitna i barnefordelingssaker

Frå 1. januar i år kan barneverntenesta, uhindra av teieplikt, gi opplysningar til domstolen i saker som gjeld foreldreansvar, kvar barnet skal bu og samvær.

Etter ny § 61a i barnelova skal ikkje Fylkesmannen lengre gi fritak frå teieplikt i barnefordelingssaker. Førespurnad om å vitna eller leggja fram dokument i slike saker skal no rettast til barneverntenesta det gjeld, som sjølv skal fatta avgjerd ut frå kva dei meiner vil vera til barnets beste.

Lovendringa gjeld berre barnefordelingssaker. Advokatar, påtalemakt eller domstol må framleis søkja Fylkesmannen om fritak frå teieplikta i andre saker der barneverntilsette blir bedne om å vitna eller leggja fram dokumentasjon.

Barnelova § 61a

Kontaktpersonar