Tilskot og økonomi

Her finn du oversikt over tilskotsordningar og økonomiske insentiv. 

Informasjon frå UDI

Vertskommunetilskudd frå UDI

  • Grunnsats per kommune. Kr 492 592,- per år
  • Sats per mottaksplass. Kr 7 560,- per år
  • Sats per plass for einsleg mindreårig. Kr 13 965,- per år
    • Tilskotet skal dekka gjennomsnittlege utgifter til helse, administrasjon, barnevern og tolk
    • Tilskot til dekking av barnehageplass for 4-5 åringar: UDI

Tilskot til undervisning

  • Norskopplæring for asylsøkjarar (IMDi)
  • Grunnskuleopplæring (Fylkesmannen)
  • Norskopplæring for flyktningar (IMDI)
  • Introduksjonslova

Tilskot omsorgsovertaking (barnevern)

  • IMDi/Bufdir
  • UDI (RS 2011-025 tilskot til vertskommunar for asylmottak eller omsorgssenter)

Tilleggsløyvingar i 2015 knytt til fleire asylsøkjarar

Regjeringa har lagt fram forslag om tilleggsløyvingar i 2015 som følgje av eit langt større tal på asylsøkjarar samanlikna med kva som ligg til grunn for gjeldande budsjett.

  • Politiet får 50 millionar kroner for å auka kapasiteten knytt til registrering av nye asylsøkjarar til Norge.
  • UDI blir styrkt med 5 millionar kroner.
  • Verjemålsordninga blir styrka med med 3 millionar kroner.
  • Løyvinga til einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter blir auka med 65 millionar kroner.
  • Tilskot til utleigebustader blir auka med 50 millionar kroner.
  • Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) blir styrkt med 5 millionar kroner.

Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2016

I budsjettet for 2016 vil regjeringa

  • Styrka integreringstilskotet med 50 millionar kroner til eit ekstratilskot til kommunar ved busetjing av flyktningar. Kriteriet for å få tilskot er at kommunen i 2016 buset fleire enn dei blei oppmoda til i 2015. Tilskotet blir utbetalt med 50 000 kroner for kvar person kommunen buset utover dette i 2016.
  • Styrka det særskilte tilskotet for busetjing av einslege, mindreårige flyktningar med 25 millionar kroner. Særskilt tilskot blir utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige flyktningar blir busette. Satsen er foreslått auka frå 191 300 kroner i 2015 til 207 000 kroner i 2016.

Tilleggsproposisjon for 2016-budsjettet

Som følgje av den store auken i talet på asylsøkjarar etter sommaren, har regjeringa også varsla at det blir lagt fram ein tilleggsproposisjon for 2016-budsjettet i løpet av hausten.