Opplæring

Har barn av asylsøkjarar rett på barnehage- eller skuleplass? Det får du svar på her. 

Rett på barnehageplass?

Barna har rett til barnehageplass først når barnet og foreldra har fått opphald og er varig busette i ein kommune (barnehagelova § 12a). Då har desse barna rett på plass, på lik linje med andre barn i kommunen. Det inneber at sjølv om familien og barna har fått opphaldsløyve, har ikkje barna rett på barnehageplass så lenge dei bur i mottak.

Men barn som bur i mottak og er under opplæringspliktig alder, kan ha rett til spesialpedagogisk hjelp etter opplæringslova § 5-7. Det må vera sannsynleg at barnet skal vera i Noreg i meir enn tre månader, og det må gjerast ei konkret vurdering av om barnet har behov for slik hjelp. Den spesialpedagogiske hjelpa kan bli gitt i barnehage, men retten gjeld uavhengig av om barna går i barnehage eller ikkje.

Alle barn som bur i mottak skal få eit tilrettelagt tilbod tre timar per vekedag frå dei er to år gamle og til dei startar i grunnskulen. Det er UDI som har lagt dette inn i kravspesifikasjonen til mottaka. Dette er ikkje noko fullverdig barnehagetilbod.

UDI gir eit tilskot til barnehagar som tilbyr barnehageplass til asylsøkjarbarn i alderen 4-5 år. Utgangspunktet er at barn skal få ein så god barndom som mogleg, og det er ingenting i vegen for at kommunane tilbyr barnehageplass til alle barn som bur på mottak. Barna har då dei same rettane som andre barn i barnehage. Fleire kommunar i Noreg gjer det. Det viktigaste er å gi desse barna ein så god barndom som mogleg. Dei er først og fremst barn, ikkje asylsøkjarar.

UDI gir òg tilskott til kommunar som tilbyr barnehageplass til 2- og 3-åringar som har fått opphald, men som framleis bur i asylmottak mens dei ventar på busetting.

Grunnskuleopplæring

Barn og unge i grunnskulealder (6-15 år) har rett og plikt til grunnskuleopplæring.

Opplæringslova (§ 2-1) slår fast at dersom det er sannsynleg at barnet skal vere meir enn tre månader i Norge, så har barnet rett på grunnskuleopplæring. Etter tre månader har dei plikt til grunnskuleopplæring. Dette inneber at alle barn, anten dei er her som asylsøkjarar, flyktningar eller illegalt, har rett på opplæring om det er sannsynleg at dei skal vera meir enn tre månader - noko som er sannsynleg for dei fleste me her snakkar om.

I grunnskulen har dei rett til særskild språkopplæring (§2-8), med særskild norsk, tospråkleg fagopplæring og morsmålsopplæring, om dei ikkje har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgja ordinær undervisning. Det er mogleg å organisera dei nye i innføringsgrupper/mottaksklasse. Dei har også krav på spesialundervisning dersom dei har behov for det, på lik linje med amdre elevar.

Er barnet over skulepliktig alder (16 år), er det inga plikt til grunnskuleopplæring. Men unge asylsøkjarar mellom 16 og 18 år som har behov for grunnskuleopplæring, har rett til det (opplæringslova § 4A-1 grunnskuleopplæring for vaksne). Dei må sjølv søkja kommunen om dette. 

Unge asylsøkjarar (16-18 år) har rett til vidaregåande opplæring dersom dei fyller vilkåra for inntak og har lovleg opphald i landet.

Meir informasjon

  • Utdanningsdirektoratet har eiga samleside for minoritetsspråklege elevar, her kan de finna mykje nyttig informasjon, både om regelverk og praktiske råd.
  • Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) har også gode heimesider de bør kjenna til.
  • Nettportalen skolekassa.no er lagt til rette for at asylbarn kan lære norsk og andre skolefag på nett. Skolekassa.no er oversett til fleire språk slik at det blir lettare å tilby opplæring der lærarane ikkje snakkar barnet sitt morsmål.

 

Tilskot til opplæringa

Det blir gitt tilskot til opplæring til barn og unge asylsøkjarar som søkjer opphald i Norge. Tilskotet blir administrert av Fylkesmannen, og det er kommunane/fylkeskommunen som søkjer. Det er to søknadsrundar i året, og det blir søkt etterskotsvis. Tilskotet gjeld for dei som bur på mottak eller omsorgssenter og for asylsøkjarar som bur privat. Dette gjeld til dei fyller 18 år eller ut det skuleåret dei fyller 18 år.

  • Tilskot til grunnskuleopplæring av barn og unge asylsøkjar i mottak 
  • Tilskot til grunnskuleopplæring av einslege mindreårige asylsøkjarar i omsorgssenter 
  • Grunnskuleopplæring for dei som søkjer familiegjenforeining
  • Vidaregåande opplæring for barn og unge asylsøkjarar i mottak og omsorgssenter 
  • Vidaregåande opplæring for dei som søkjer familiegjenforeining.

De kan lesa meir om tilskotet på Utdanningsdirektoratet si heimeside.

Norskopplæring

Asylsøkjarar over 16 år kan også få inntil 250 timar norskopplæring etter Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Kommunane kan søkja tilskot til dette gjennom Nasjonalt Introduksjonsregister (NIR). Tilskotet blir administrert av IMDi og er omtalt i IMDI sitt rundskriv 4/2015. Satsen i år er kr 18 200 per asylsøkjar. Det er vertskommunen for mottaket som får tilskotet, og dersom kommunen søkjer om tilskot må alle i målgruppa få tilbod om norskopplæring.

For asylsøkjarar over 16 år kan vaksenopplæringa i kommunen tilby både grunnskuleopplæring og norskopplæring.