Helsetenester

Her finn du informasjon om helsetenester knytt til flyktningar. 

Kommunane har ansvaret for helsetenester til alle som bur eller oppheld seg i kommunen. Dette gjeld også asylsøkjarar. I lenkene under finn du nødvendig informasjon.

Helsedirektoratet

Alle i Norge har rett til helse- og omsorgstenester. Informasjon om rettar og tenester knytt til nødvendig helsehjelp.

Folkehelseinstituttet

Instituttet har nasjonale oppgåver innan smittevern. Her finn du informasjon om tuberkulose og instituttet sitt brev til vertskommunar for asylmottak.

Psykisk helse

Kvar kommune har oppretta eit psykososialt kriseteam, og det finst tilsette som jobbar med psykisk helse i kommunane til dagleg. Kommunane bør vurdera om og korleis kompetansen til eigne tilsette kan brukast i den ekstraordinære situasjonen som har oppstått.

Helse Vest har oppretta Transkulturelt senter. Senteret skal bidra til at traumatiserte asylsøkjarar og flyktningar får eit likeverdig helsetilbod og eit tenestetilbod som tar hand om deira psykiske helse. Dette er landets første transkulturelle senter for denne målgruppa. Senteret er lagt til Helse Stavanger.  

NAKMI – norsk kompetansesenter for minoritetshelse

NAKMI arbeider på oppdrag frå Helsedirektoratet. Her er ei oppsummering om syriske flyktningar og helsetenester.