Einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

Forskjellen mellom EMA og EMF, og behovet og rettane deira. Her finn du meir informasjon.

Einslege mindreårige asylsøkjarar (EMA)

Ein einslig mindreårig asylsøkjar (EMA) er eit barn under 18 år som kjem til Norge utan foreldre eller andre med foreldreansvar, og som søkjer vern (asyl) i Norge. Fylkesmannen i det fylket barnet til ei kvar tid oppheld seg oppnemner representant for barnet (tidlegare: verje). Representanten er ein vaksen person som skal vera i foreldra sin stad og ta hand om barnets rettar i Norge, både juridisk og økonomisk. EMA over 15 år bur vanlegvis på mottak for einslege mindreårige, EM-mottak. EMA under 15 år er under barnevernets omsorg og bur normalt på omsorgssenter. Fylkesmannen rekrutterer, rettleiar og syt for opplæring av faste representantar for EMA.

Utlendingslova kap 11 A Representant for einslege mindreårige asylsøkjarar

Melding om behov for representant

Asylmottak eller omsorgssenter melder Fylkesmannen om at det har kome ein EMA. Skjemaet skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger.

Representanten si rolle

Den sentrale oppgåva til representanten er å sjå til at barnets behov og interesser blir høyrte og tatt hand om, særleg med omsyn til helse, skule, omsorg og tryggleik.

I asylsaka skal representanten mellom anna:

  • vera til stades når barnet har samtalar med styresmaktene
  • hjelpa barnet ved undersøkingar om identitet, alder m.m
  • hjelpe barnet med å oppspora foreldre eller andre omsorgspersonar
  • ha kontakt med barnet sin advokat og vera orientert om framdrifta i saka

Representanten har teieplikt om barnets personlege forhold.

Rettleiarar for representantar for einslege mindreårige asylsøkjarar

Les meir om verjemål her. Verjemålssida til Fylkesmannen i Rogaland finn du her

Dersom det blir avslag?

Dersom den mindreårige får avslag på asylsøknaden sin, må representanten informera barnet om returordningar og hjelpa barnet med å få til ein god retur til heimlandet. Les meir om returordningar her

Einslege mindreårige flyktningar (EMF)

Når asylsøknaden er behandla og ein einsleg mindreårig eventuelt har fått opphald som flyktning, det vil seia fått vern (asyl), skal han/ho busetjast i ein kommune i Norge. Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som har ansvaret for å busetja dei einslege mindreårige under 15 år som får innvilga opphaldsløyve, mens Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) har ansvaret for å busetja dei mellom 15 og 18 år. Når ein einsleg mindreårig asylsøkjar eventuelt har fått innvilga opphaldsløyve, skal Fylkesmannen oppnemna verje til han/henne. Dette følgjer av verjemålslova § 16.

Verjemålslova kap. 3 Verjemål for mindreårige

Melding om behov for verje for mindreårig

Kommunen som skal busetja ein einsleg mindreårig flyktning, melder Fylkesmannen om behovet for oppnemning av verje. Skjemaet skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger.

Rolla til verja

Når den mindreårige har fått positivt vedtak og blir tildelt busetjingskommune, skal verja hjelpa til på ei rekke ulike område. Fram til den mindreårige fyller 18 år er det verja som må signera alle papir i foreldra sin stad. Den daglege omsorgen blir gitt av dei tilsette ved bustaden.

Verja skal til dømes:

  • sjekka at dagleg omsorg, skulegang og helsetilbod er forsvarleg og møter behovet til den mindreårige
  • syta for flyttemelding til folkeregisteret
  • søkja fornying av oppholdsløyvet to månader før utgangen (blir gjort hos hos politiet)
  • søkja barnetrygd
  • oppretta bankkonto og sparekonto
  • pass/legitimasjon
  • søkja ekstra trygder dersom den mindreårige er funksjonshemma

Verja har teieplikt om barnets personlege forhold.

Rettleiarar for verjer for einslege mindreårige flyktningar

Les meir om busetjing av einslege mindreårige her.

Vil du bli representant/verje for einslege mindreårige asylsøkjarar/flyktningar?

Fyll ut dette skjemaet og send det til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger, så kontakter vi deg. Fylkesmannen utfører ein kredittsjekk av deg, og du må leggja fram uttømmande politiattest. Du får stadfestingsbrev som du sender politiet for å innhenta attest. 

Tolk

Når offentlege styresmakter/kontor o.l. treng tolk for å snakka med ein person, er det vedkommande styresmakt/kontor som er ansvarleg for å dekkja tolkeutgifter. Dette gjeld uansett om vedkommande har opphaldsløyve eller ikkje. Når ein representant sjølv treng tolk for å snakka med barnet som søkjer asyl, gjeld det per oktober 2015 eit tak på utgifter til tolk på kr. 3 800 per representantoppdrag. Tolken eller representanten sender rekninga til Fylkesmannen, og det er ikkje nødvendig å ha Fylkesmannen si godkjenning på førehand. 

Telefontolking er hovudregelen. Dette er billegare og kan faktisk gjera det enklare for den du er representant for, som slepp å forhalda seg til endå ein person i rommet. Det er heilt greitt å bruka tilsette på mottaket som kan snakka barnets språk til korte avklaringar, men ikkje be barnet leggja ut om familie, helse, asylgrunn eller andre sensitive forhold når mottakstilsette høyrer på. Mottakstilsette har ikkje teieplikt overfor UDI, dei er ein del av UDI.

Les meir om tolketenester her.

Kommunane sine rettar og plikter

Særskilt tilskot for einslige mindreårige

  • For at einslege mindreårige skal kunna busetjast raskast råd og få gode omsorgstilbod, mottar kommunar som buset einslege mindreårige eit særskilt tilskot i tillegg til det ordinære integreringstilskotet.
    • Kommunen mottar det særskilte tilskotet kvart år til og med det året flyktningen fyller 20 år. Tilskotsbeløpet for 2015 er på kr. 191 300 per år per person.
    • I tillegg til tilskota, får kommunane refusjon frå staten for å dekkja utgifter til eventuelle kommunale barneverntiltak utover kommunane sin eigendel. Slike tiltak kan for eksempel vera fosterheim eller bukollektiv. Søknaden skal sendast Bufetat.

Meir informasjon