Asylsøkjarar og flyktningar

Velkommen til Fylkesmannen sin informasjonsportal om flyktning- og asylsøkjarsituasjonen.

Talet på asylsøkjarar aukar kraftig i Norge og i mange andre europeiske land. Tilstrøyminga av personar som søkjer tryggleik her i landet er krevjande å handtera for det ordinære mottaksapparatet. Det blir derfor oppretta akutte innkvarteringsplassar, og det er behov for fleire ordinære asylmottak og mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar. Det er særs viktig at kommunane buset dei flyktningane som har fått opphald i landet, slik at fleire plassar blir ledige på dei mottaka som alt er i drift.

Stort informasjonsbehov

På denne sida har me samla informasjon som kan vera nyttig for kommunane og andre som treng han. Det er mange ulike aktørar som er involverte i arbeidet med flyktningar og asylsøkjarar. Det kan derfor vera vanskeleg å få oversikt over kven som har ansvaret for dei ulike oppgåvene, kva krav som blir stilte og kva tilskot og støtteordningar som gjeld. Denne sida skal gjera det lettare å finna fram.

Kva gjer Fylkesmannen?

I kriser og større hendingar har Fylkesmannen ansvar for å samordna innsatsen i fylket. Dette gjeld også i flyktningsituasjonen. God koordinering og kommunikasjon mellom styresmaktene på alle nivå er svært viktig. Me samarbeider derfor med både kommunane, fylkeskommunen og andre aktuelle aktørar i Rogaland - og formidlar vidare oppgåver og informasjon. For meir informasjon om Fylkesmannen si samordningsrolle, sjå instruks

Andre oppgåver

  • Fylkesmannen utnemner representantar for einslege asylsøkjarar som er under 18 år
  • Me har ansvar for behandling av saker som gjeld fri rettshjelp og ventar fleire saker på dette området
  • Me fører tilsyn med omsorgssenter for einslege asylsøkjarar under 15 år
  • Me er klageinstans og rettleiar overfor kommunane i saker som gjeld sosiale tenester og introduksjonslova

Elles er det verdt å nemna at Fylkesmannen i Oslo og Akershus har eit særskilt transittansvar og har fått nasjonalt koordineringsansvar for einslege mindreårige asylsøkjarar. Fylkesmennene i Østfold og Hordaland deltar i eit prøveprosjekt der målet er raskare busetting av flyktningar i kommunane.

Nyhende


15.02.2016

Utlendingslova: Fylkesmannen kritisk til enkelte endringsforslag

Forslaga til endring av utlendingslova er mellom anna meint for å stramma inn retten til å få opphaldsløyve i landet, og medverka til å hindra at personar utan krav om vern søkjer asyl. På nokre område meiner me at innstramingsforslaga går for langt.


08.01.2016

Lærarpool for flyktningar

Nokre kommunar og fylkeskommunar kan ha problem med å skaffa nok lærarar, slik at alle barna som kjem til Norge får den opplæringa dei har rett til. 


08.01.2016

Kven har ansvar for barnevern i asylmottak?

Så lenge det ikkje er snakk om eit omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar (EMA <15 år), er det ikkje oppretta noko eige statleg tilsyn med asylmottak.


22.12.2015

Ta godt imot dei! Inkludering og busetjing i Rogaland

Rogalandskommunane er oppmoda til å busetja vel 1 500 flyktningar i 2016. Korleis skal kommunane klara dette? Kva kan lokalsamfunna gjera for å inkludera dei nye innbyggjarane på ein god måte? Korleis kan kulturlivet og det frivillige organisasjonslivet bidra?


17.12.2015

Nasjonal fagkonferanse om helsetenesta til asylsøkjarar

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet arrangerte i går ein nasjonal fagkonferanse om helsemessig oppfølgjing av asylsøkjarar i Norge.


17.12.2015

6,1 millionar kroner til rogalandskommunar med store flyktningkostnader

– Flyktningsituasjonen i haust har ført til etablering av mange nye asylmottak på kort tid. Det har ført til auka kostnader for mange kommuner. For å unngå at dette går ut over velferdstilbodet til innbyggarane, løyver me til saman 151 millioner kroner til kommunane, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.


15.12.2015

Asylsaker – endring av regelverket for fritt rettsråd

Regjeringa gjorde med verknad frå 8. desember 2015 endringar i utlendingsforskrifta om retten til bistand frå advokat. Sjå informasjon frå Statens sivilrettsforvaltning med lenke til Justis- og beredskapsdepartementet og til sjølve forskrifta. Det er viktig å leggje merke til at endringa ikkje gjeld for einslege mindreårige asylsøkarar.


07.12.2015

Oppstart av asylmottak må meldast til Mattilsynet

Alle som ønskjer å starta næringsmiddelverksemd eller matservering, skal på førehand melda frå til det lokale Mattilsynet. Dette gjeld også ved planar om oppstart av asylmottak.


04.12.2015

Vil du hjelpa unge asylsøkjarar i Strand?

Som du sikkert kjenner til, kjem det mange einslege mindreårige asylsøkjarar til Norge. UDI har opna opp for at nokre av desse også kan plasserast i ordinære mottak utan eiga avdeling for einslege mindreårige. Dette inneber at det også kan kome einslege ungdommar til Strand mottakssenter.


30.11.2015

Mellombels forskrift om unntak frå byggjesaksbehandling for asylmottak

Regjeringa har frå 27. november sett i verk ei mellombels forskrift som opnar for raskare etablering av asylmottak med nøktern, men forsvarleg standard. 


Fleire nyhende