Enkeltvedtak om rett til grunnskoleopplæring for vaksne

Når kommunen avgjer om ein vaksen har rett til grunnskoleopplæring skal det fattast eit enkeltvedtaket etter § 4A-1
Når kommunen avgjer om ein vaksen har rett til grunnskoleopplæring skal det fattast eit enkeltvedtaket etter § 4A-1

Fleire kommunar som har grunnskoleopplæring for vaksne opplever at nokre deltakarar ønskjer ein annan progresjon enn kommunen finn forsvarleg. Dette gjeld også for deltakarar i forsøket med modulstrukturert opplæring på nivået under vidaregåande opplæring. Fleire av lov- og forskriftskrava i opplæringslova gjeld i forsøket, mellom anna kravet om at det skal fattast enkeltvedtak etter § 4A-1.

Når kommunen avgjer om ein vaksen har rett til grunnskoleopplæring skal det fattast eit enkeltvedtaket etter § 4A-1. I Rundskriv Udir-3-2012 står det at ein i denne vurderinga skal ta omsyn til søkarens subjektive vurdering av kvifor han/ho har behov for grunnskoleopplæring, men at denne skal inngå som eit moment i ein heilskapsvurdering av om den vaksne har rett til grunnskoleopplæring.

Innhaldet i enkeltvedtaket

Om søkaren blir innvilga rett, skal enkeltvedtaket seie noko om kva slags opplæring vedkommande skal ha. Til dømes kva fag det skal gis opplæring i, plassering på modul eller nivå, korleis progresjonen skal vere, om faga skal takast parallelt, eller i ein rekkefølge. Vidare om deltakaren skal ha særskilt språkopplæring, og i kva omfang skal dette gis. Eit viktig grunnlag for innhaldet i vedtaket er samtale med deltakaren, nødvendige kartleggingstestar og eventuell realkompetansevurdering. Dersom ein deltakar ønsker ein annan progresjon eller eit anna innhald enn kommunen finn forsvarleg, må kommunen gjere ei heilskapleg vurdering og ta stilling til dette i vedtaket.

Spesialundervisning

Det kan også vere aktuelt å innvilge rett til spesialundervisning. Då kan kommunen samle både retten til opplæring og retten til spesialundervisning i same dokument. Men det må kome fram at det er to separate enkeltvedtak med klagerett på kvart av dei.

Tilpassa opplæring

Ein sentral del av vaksenretten er at opplæringa skal tilpassast den enkelte sitt behov. Det skal takast omsyn livssituasjonen og opplæringa må organiserast i tråd med denne . Opplæringa skal også være tilpassa ut frå evner og føresetnader, jf. § 4A-12. Sjølv om det er viktig å gi eit opplæringstilbod som er tilpassa den einskilde, kan kommunen ta økonomiske og organisatoriske omsyn i vurderinga av kva opplæringstilbod som skal gis. Den enkelte vaksne har ikkje rett til å få eit ein-til-ein-tilbod eller eit opplæringstilbod i ei lita gruppe.

Deltakaren sin klagerett på enkeltvedtaket

Dersom deltakaren ikkje er einig i vedtaket, kan han/ho klage og Fylkesmannen er klageinstans. Det kan klagast både på vedtak om rett/ikkje rett, spesialundervisning, særskilt språkopplæring og anna innhald.