Vaksne sin rett til grunnskuleopplæring

Kommunen har ansvaret for å tilby grunnskole for vaksne.
Kommunen har ansvaret for å tilby grunnskole for vaksne.

Det er kommunen som har ansvaret for å tilby grunnskole for vaksne. Opplæringa er gratis. For at kommunen skal kunne vurdere om den vaksne har rett til grunnskoleopplæring, må det foreligge ein søknad. Kommunen kan ikkje stille spesielle krav til søknaden.

Kven har rett?

For å ha rett til grunnskole for voksne må søkjaren oppfylle fire vilkår:

  • Vere over opplæringspliktig alder (normalt hausten det året ein fyller 16 år)
  • Ikkje ha rett til vidaregåande opplæring for ungdom
  • Ha lovleg opphald i Noreg
  • Trenge grunnskoleopplæring

Den vanskelegaste vurderinga for kommunen er det siste punktet, som dreier seg om søkjaren sitt behov. Kommunen sin vurdering må baserast på skjønn.

Kommunen kan ikkje krevje at søkaren må ha kompetanse i norsk på eit gitt nivå for å ha rett til grunnskole.  

Rett til grunnskole og vidaregåande opplæring samtidig

Ein vaksen som har rett til vidaregåande kan også ha rett til grunnskole for vaksne. Det vil særleg vere aktuelt for vaksne som har behov for ekstra hjelp for å klare å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Det heng saman med at vaksne med rett til vidaregåande opplæring ikkje har rett til spesialundervisning, slik dei som har rett til grunnskoleopplæring kan ha.

Innhaldet i opplæringstilbodet

For dei fleste er målet faga ein treng for å få vitnemål:

  • Norsk, engelsk og matematikk
  • To av faga samfunnsfag, naturfag og KRLE (kristendom, religion, livssyn og etikk)

Vitnemålskravet er standpunktkarakter i fem fag, og eksamenskarakter i eitt fag med sentralt gitt skriftleg eksamen (norsk, engelsk eller matematikk) og eit fag med lokalt gitt munnleg eksamen (alle faga er trekkfag).

Andre har behov for opplæring i grunnleggjande dugleik, som vil seie å lese, skrive, rekne, uttrykkje seg munnleg og å nytte digitale verktøy.

Særskild språkopplæring

Vaksne med rett til grunnskole kan ha rett til særskild språkopplæring. Dei kan ha rett til både særskild norskopplæring, tospråkleg fagopplæring og/eller morsmålsopplæring.

Kapittel 4A har ikkje ein eigen paragraf som regulerer den vaksne sin rett til særskild språkopplæring. Rett til særskild språkopplæring skal vere ein del av enkeltvedtaket om rett til grunnskoleopplæring etter § 4A-1, og skal vere ein del av vurderinga kommunen gjer når opplæringa skal tilpassast den enkelte.

Rådgiving og realkompetansevurdering

Når kommunen har fatta eit enkeltvedtak som gir rett til grunnskoleopplæring, har den vaksne rett til rådgiving for å kartleggje kva slags opplæring det er behov for.

Realkompetansevurdering er viktig for å finne ut om den vaksne treng opplæring i heile eller delar av fag. Resultatet av realkompetansevurderinga kan vere at eit heilt fag blir godkjent. Får ein godkjent delar av eit fag, skal ein berre ha opplæring i dei resterande delane av læreplanen.

Spesialundervisning

Vaksne kan også ha rett til spesialundervisning. Vi skil mellom to hovudgrupper:

  • Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa
  • Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik

Enkeltvedtak

Kommunen må skrive separate enkeltvedtak når det er snakk om individuelle rettar etter opplæringslova kapittel 4A. Det er mogleg å samle meir enn eitt enkeltvedtak i eitt dokument, men må det komme klart fram at det er ulike enkeltvedtak kor ein kan klage på kvart av enkeltvedtaka. Kommunen har plikt til å fatte enkeltvedtak om:

  • Rett eller ikkje rett til grunnskuleopplæring for vaksne
  • Realkompetansevurdering
  • Rett eller ikkje rett til spesialundervisning for vaksne

Fylkesmannen i Rogaland er klageinstans på enkeltvedtaka.

Du kan lese meir om grunnskule for vaksne på Utdanningsdirektoratet si heimeside

Opplæring spesielt organisert for vaksne er regulert i opplæringslova kapittel 4A

Kontaktpersonar