Vaksne sin rett til grunnskoleopplæring

Vaksne lærer
Vaksne lærer

Vaksne har rett til grunnskoleopplæring om tre vilkår er oppfylte.

 - Ein må vere over opplæringspliktig alder (jf.oppl. § 2-1).

- Ein må trenge grunnskoleopplæring (jf.oppl. §4a-1)

- Ein må ikkje ha rett til vidaregåande opplæring (jf.oppl. § 3-1).

Vitnemål for fullført grunnskoleopplæring

Vaksne har berre rett til opplæring i dei faga dei treng for å få vitnemål for fullført grunnskoleopplæring. Dei faga ein treng for å få slikt vitnemål er norsk, engelsk og matematikk samt to av faga matematikk munnleg, naturfag, samfunnsfag og religion, livssyn og etikk (RLE), jf. forskrift til opplæringslova § 4-33.

Realkompetansevurdering

Kommunane skal vurdere om den vaksne treng opplæring i heile eller berre deler av eit fag og foreta realkompetansevurdering av vaksne i samband med kartlegging av kva for ein grunnskoleopplæring den vaksne skal ha. ( § 4A-1, jf. forskrift til opplæringslova § 4-13) Denne vurderinga er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.  

Opplæring av arbeidsinnvandrarar

Arbeidsinnvandrarar har ikkje automatisk rett til grunnskoleopplæring for vaksne sjølv om dei ikkje kan norsk, men dei er heller ikkje automatisk ekskluderte i høve til rett til grunnskoleopplæring fordi dei er arbeidsinnvandrar. Det avgjerande er om den vaksne oppfyller vilkåra i lova eller ikkje.

Fylkesmannen vil difor belyse og klargjere meir om kva som ligg i opplæringslova § 4A-1 sitt skjønnsmessige vilkår ”treng” grunnskoleopplæring.

Det er viktig å skilje mellom det å trenge opplæring i faget norsk og det å trenge opplæring i språket norsk. Om arbeidsinnvandraren trenger språket norsk må dei sjølv betale for norskopplæringa.

Det blir annleis om dei har konkrete utdanningsplanar, for då treng dei opplæring i faget norsk etter kompetansemåla på 10. trinn før dei startar på vidaregåande skole.

Arbeidsinnvandrarar må sjølv betale for å lære seg språket om vedkomande ikkje oppfyller vilkåra i § 4A-1. Om dei av ulike grunnar har rett til grunnskoleopplæring for vaksne og dermed faget norsk, skal opplæringa vere gratis.

 

Kontaktpersonar