Skal koordinere vaksenopplæringa

Vaksenopplæringsrådet Rogaland 2016
Vaksenopplæringsrådet Rogaland 2016

Vaksenopplæringsrådet i Rogaland skal medverke til offensiv satsing på vaksenopplæring i fylket og til tenleg organisering av samarbeidet i sektoren. 

Kvifor vaksenopplæring?

Anerkjende internasjonale studiar viser at mange vaksne ikkje har god nok dugleik til å delta varig i arbeidslivet. Det skortar særleg på god nok lese- og reknedugleik.

Regjeringa har nyleg lagt fram ei melding til Stortinget om livslang læring og utanforskap, og vaksenopplæringsrådet vil ta tak i dei utfordringane og tiltaka som er skisserte her. 

I første omgang vil Vaksenopplæringsrådet arrangere ein konferanse om dei utfordringane som denne meldinga peikar på.

Medlemmer i Vaksenopplæringsrådet 

Rådet har medlemmer frå følgjande organisasjonar:

  • Kommunane v/skoleeigarane i Nord
  • Kommunane v/skoleeigarane i Midt
  • Kommunane v/skoleeigarane i Sør
  • Rogaland fylkeskommune
  • KS Rogaland
  • VOFO Rogaland
  • NHO Rogaland
  • LO Rogaland
  • NAV Rogaland
  • Universitetet i Stavanger
  • Høgskolen Stord/Haugesund
  • Fylkesmannen i Rogaland

Rådet møtest fast to gonger årleg. Rådet etablerer arbeidsgrupper for særlege satsingar/oppgåver etter behov. Fylkesmannen tar seg av sekretariatsoppgåver.