Rogaland satsar på vaksenopplæring

Planen gir føringar for korleis flest mogleg vaksne kan kvalifisere seg for arbeidslivet.
Planen gir føringar for korleis flest mogleg vaksne kan kvalifisere seg for arbeidslivet.

Flest mogleg vaksne skal få høve til å kvalifisere seg for arbeidslivet. Vaksenopplæringsrådet i Rogaland har laga ein plan for å nå dette målet. 

Vi satsar på vaksenopplæring i Rogaland

Rogaland har eige vaksenopplæringsråd. Nå har rådet laga ein mål og handlingsplan for å sikre ei offensiv satsing på vaksenopplæring i fylket. Det overordna målet er at flest mogleg vaksne rogalendingar har kompetanse som gir grunnlag for stabilt og varig tilhøyr til arbeidslivet.

Kva er vaksenopplæring?

Vaksenopplæring er ulike typar opplæring for vaksne. Dette kan vere alt frå grunnleggjande ferdigheiter i lesing, til fagbrev eller utdanning på universitet. «Vaksenopplæring i Rogaland – Mål og handlingsplan for 2017-2018» ser på heile dette spekteret. Ettersom alle som går på høgskule eller universitet er vaksne, blir ordet vaksenopplæring likevel for det meste brukt på opplæring på grunnskule- eller vidaregåande nivå.

Kvifor ta vaksenopplæring?

Det er mange grunnar til at vaksne folk vil lære meir. Nokre ønskjer å skifte jobb, og vil ta eit fagbrev eller liknande i noko anna enn dei har frå før. Andre må skifta jobb på grunn av endringar i arbeidslivet. Nokre treng meir kompetanse i den jobben dei har, fordi arbeidsoppgåvene endrar seg. Andre har ikkje tatt fagbrev eller gått opp til eksamen i den jobben dei har, og vil få dette på plass for å stille sterkare viss jobbsituasjonen endrar seg. Nokre treng opplæring for å få seg jobb. Andre må lære norsk. Nokre treng opplæring i meir grunnleggjande ferdigheiter som lesing, rekning eller data for å kunne delta meir aktivt i samfunnet og få betre livskvalitet. Nokre treng opplæring etter skade eller sjukdom.

Vaksenopplæringsrådet i Rogaland 

Følgjande partar har vedtatt ein mål og handlingsplan for eit samordna og handlekraftig arbeid med vaksenopplæring i Rogaland for 2017-2018:

Kommunane i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Rogaland, Landsorganisasjonen i Norge - Rogaland, Næringslivets Hovedorganisasjon - Rogaland, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet, VID vitenskapelige høgskole, Kommunesektorens organisasjon - Rogaland og Voksenopplæringsforbundet - Rogaland

Mål og handlingsplan

Les om våre mål og tiltak her.

 

Les meir om vaksenopplæring

 Fylkesmannen i Rogaland

Utdanningsdirektoratet

Rogaland fylkeskommune

Kompetanse Norge:      

Kunnskapsdepartementet: