Realkompetansevurdering for vaksne i grunnskolen

Kommunane må fatte enkeltvedtak etter at ein har realkompetansevurdert for å finne ut kva slags opplæring den einskilde vaksne har behov for i dei ulike faga. Enkeltvedtaket er til for å sikre den vaksne sin rettstryggleik.

Fylkesmannen sitt tilsyn i 2012 og 2013 har avdekka at fleire kommunar ikkje har realkompetansevurdert vaksne som tek fag i grunnskolen. Ein kommune har klaga til Utdanningsdirektoratet på Fylkesmannen sitt pålegg om at kommunen må fatte enkeltvedtak om realkompetanse ved inntak av vaksne elevar. Klagen gjaldt både kva for restopplæring den vaksne har behov for, og godkjenning av heile fag.

I svaret konkluderer Utdanningsdirektoratet slik Fylkesmannen gjorde:

Kommunen må fatte enkeltvedtak slik at realkompetansevurderinga blir ein reiskap for å avgjere kva slags opplæring den vaksne har behov for i eit fag.

Fleire kommunar meiner også at Fylkesmannen sitt pålegg vil føre til meirarbeid. Dei stiller også spørsmål ved om vaksne med akkurat tilstrekkeleg kompetanse til å bestå eit heilt fag ville få eit svekka opplæringstilbod samanlikna med praksis i dag, og dermed auka fare for fråfall i vidaregåande opplæring.

Utdanningsdirektoratet presiserer at kommunar må realkompetansevurdere i samsvar med opplæringslova med forskrift. Kommunane må fatte enkeltvedtak etter at ein har realkompetansevurdert for å finne ut kva slags opplæring den einskilde vaksne har behov for i dei ulike faga. Forskrifta § 4-13 seier at vaksne kan få godkjent heile eller delar av fag.

Når det gjeld spørsmålet om meirarbeid for kommunen, svarer Utdanningsdirektoratet at enkeltvedtaket er til for å sikre den vaksne sin rettstryggleik.

Kontaktpersonar