Opplæring i grunnleggjande dugleikar

Vaksne lærer (Opphavsrett: UDIR)
Vaksne lærer (Opphavsrett: UDIR)

Vaksne har rett til opplæring i grunnleggjande dugleikar. Utdanningsdirektoratet har utarbeidd nytt materiell for å informere vaksne om at det er mogleg å få grunnopplæring og at dei har rett på slik opplæring. Kommunane kan sjølv tilpassa informasjon ut frå dei malane som direktoratet har laga.

Vaksne som treng opplæring i grunnleggjande dugleik har rett til grunnskuleopplæring utan å ta heile fag.

Ei kartleggjing i regi av Vox (Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk) syner at berre 40 prosent av kommunane gjer tilbod om opplæring i grunnleggjande dugleik. Dette skuldast hovudsakleg manglande etterspurnad.

Direktoratet har difor utarbeidd malar til informasjon som kommunen kan nytta i sitt arbeid med å informere vaksne om deira rettar. Malane er utarbeidd på fleire av dei språk som er vanlege blant innvandrarar.

Kontaktpersonar