Frå utanforskap til ny sjanse

Framside St. meld 16
Framside St. meld 16 "Fra utenforskap til ny sjanse"

Vaksne som ikkje er i varig arbeid, skal få ein ny sjanse til å tilegne seg den kompetansen dei treng i arbeidslivet. Det er regjeringa sin ambisjon for eit kunnskapsamfunn kor alle deltek. Korleis dei vil gjere dette er lagt fram i meldinga Fra utenforskap til ny sjanse. 

 

Målet for regjeringa

Målet for regjeringa er at den einskilde skal ha kompetanse som dannar grunnlag for stabil og varig tilknyting til arbeidslivet. For å nå dette målet skal regjeringa utvikle ein samorda og heilskapeleg politikk for vaksne med lite utdanning, svake grunnleggjande dugleikar eller ikkje godkjent kompetanse.

 

Meld. St.16 (2015-2016) Fra utenforskap til ny sjanse

Meldinga inneheld tiltak som skal gi vaksne ein ny sjanse til å styrkje sin kompetanse, gjere det mogleg å delta i opplæring og få sin medbrakte kompetanse godkjent.

Meldinga har tre hovudsatsingar: 

  • Betre opplæring i grunnleggjande dugleikar 
  • Betre moglegheit for vidaregåande opplæring
  • Betre kvalitet i dei særskilte tilboda til innvandrarar

  Meir informasjon

Kontaktpersonar