Utdanning i utlandet

Norske grunnskular i utlandet kan søkje om godkjenning etter friskulelova. Adresselista til godkjende grunnskular og vidaregåande skular ligg på nettsidene til Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Det finst godkjende skular i Europa, Afrika og Sør-Amerika. Det er Utdanningsdirektoratet som er tilsynsstyresmakt, og som utbetaler tilskota til dei godkjende skulane.

PP-teneste ved norske skular i utlandet

Etter friskulelova har elevar rett til spesialundervisning og pedagogisk-psykologisk teneste. Fylkesmannen i Oslo og Akershus står for drifta av denne tenesta, og Utdanningsdirektoratet er klageinstans. PP-tenesta i utlandet er for elevar både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Barn under opplæringspliktig alder (førskulealder) har ikkje lovfesta rett til pedagogisk-psykologisk teneste.

På nettsidene til Fylkesmannen i Oslo og Akershus finn du meir informasjon om PP-tenesta i utlandet

Stipend- og støtteordningar for studentar i utlandet

Senter for internasjonalisering av utdanning er eit nasjonalt kompetanse- og informasjonssenter som fremjar internasjonalt samarbeid gjennom heile utdanningsløpet.

Vis meir


24.06.2013

Godkjenning av vidaregåande opplæring i utlandet

Kva reglar gjeld og kven godkjenner vidaregåande opplæring i utlandet?


25.02.2013

Eksamen i utlandet

I menyen til høgre finn du info og søknadskjema for dei som skal ta eksamen i utlandet.