Tilskott barnehage


14.10.2015

Ny finansiering av private barnehagar

Kunnskapsdepartementet vedtok 9.10.2015 nye reglar for finansiering av private barnehagar frå 1.1.2016. Tilskotet skal framleis reknast ut frå utgiftene i dei kommunale barnehagane, og dei private barnehagane vil få like mykje i tilskot som kommunane nyttar i eigne barnehagar. 

 


18.06.2015

Enklare finansiering av private barnehagar

Tilskotet til private barnehagar kan etter 1.1.2016 enten bli rekna ut frå kostnadene i dei kommunale barnehagane som no, eller ut frå ein nasjonal sats. Alle interesserte kan seie meininga si om dette til Utdanningsdirektoratet seinast 20.8.2015.


14.10.2013

Tilskott ut frå rekneskap

Utdanningsdirektoratet har sendt ut forslag til endring av reglar for utrekning av tilskot til private barnehagar. Tilskot skal etter forslaget reknast ut etter årsrekneskap i dei kommunale barnehagane, ikkje budsjett. Høyringsfristen er sett til 11.november 2013.


16.08.2013

Presisering i reglar om tilskott til private barnehagar

Fylkesmannen har sendt fleire spørsmål til Utdanningsdirektoratet om forståinga av enkelte reglar om tilskott til private barnehagar i forskrift om likeverdig behandling. Eit av spørsmåla gjeld ei endring i det nye rundskrivet.


04.07.2013

Nytt rundskriv om tilskott til private barnehagar

Utdanningsdirektoratet fastsette den 1.7.2013 nytt rundskriv om forskrift om likeverdig behandling ved tildeling av offentlege tilskott til ikkje-kommunale barnehagar. Fylkesmennene, KS og PBL har vore involverte i arbeidet.


04.07.2013

Nytt rundskriv om tilskott til private barnehagar

Utdanningsdirektoratet fastsette den 1.7.2013 nytt rundskriv om forskrift om likeverdig behandling ved tildeling av offentlege tilskott til ikkje-kommunale barnehagar. Fylkesmennene, KS og PBL har vore involverte i arbeidet.


03.07.2013

Høgare tilskott til private barnehagar

I revidert nasjonalbudsjett for 2013 vart rammetilskottet til kommunane auka med 60,5 mill kr. Dette beløpet skal m.a. dekka auka minimumstilskot til private barnehagar i kommunane. Kommunane må gjere nye vedtak om tilskott til dei barnehagane som får minimumstilskott.


08.05.2013

Auka tilskott til private barnehagar

Regjeringa vil sikre likeverdig kvalitet i alle barnehagar, og foreslår difor i revidert nasjonalbudsjett å bevilge 60,5 mill kr ekstra i auka tilskott til private barnehagar.


03.05.2013

Satsar for tilskot til private barnehagar i 2013

Kommunaldepartementet har fastsett nasjonale tilskottsatsar for kommunane sine tilskott til private barnehagar. Det er eigne satsar for tilskott til drift og kapital i dei private barnehagane


18.01.2013

Klagesaker likeverdig behandling 2011 og 2012

Fylkesmannen har fram til utgangen av 2012 mottatt 30 klagesaker etter det nye regelverket om likverdig behandling gjeldande frå 1.1.2011. Klagene kjem frå 8 av dei 19 kommunane i Rogaland som har private barnehagar. Halvparten av klagesakene kjem frå ein kommune.


Fleire nyhende


Kontaktpersonar