Nominasjon til Dronning Sonjas skolepris 2018

Dronning Sonjas skolepris går til ein skole som praktiserer inkludering og likeverd på ein god måte.
Dronning Sonjas skolepris går til ein skole som praktiserer inkludering og likeverd på ein god måte.

Dronning Sonjas skolepris går kvart år til ein skole som merkjer seg ut ved å praktisere likeverd og inkludering på ein god måte. Alle kan nominere skolar og Fylkesmannen vil ha forslag til kandidatar til prisen innan 1. september 2018.

Kriterier for prisen

Dronning Sonjas skolepris skal kvart år tildelast ein skole som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og inkludering på ein god måte.

  • Skolen arbeider langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevane sitt læringsmiljø.
  • Skolen praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar einskild elev opplever å bli verdsett i eit miljø prega av medverknad, tryggheit og fellesskap.
  • Skolen er kjenneteikna ved positive relasjonar mellom elevar og dei tilsette, og elevane imellom - og ved eit godt samarbeid mellom skole og heim.

Likeverd og integrering

Likeverd betyr at alle elevar skal få oppleve at dei blir møtte på ein likestilt og verdig måte. Inkludering som er eit vidare begrep enn integrering, betyr at alle skal oppleve at dei er anerkjente deltakarar i skolefellesskapet.

Nominasjonsprosessen

Utdanningsdirektoratet har gitt Fylkesmannen i oppdrag å nominere ein eller to kandidatar frå kvart fylke.

Vi oppmodar skolar, skoleeigarar, organisasjonar eller andre å ta kontakt med Fylkesmannen om ein veit om skolar som gjer eit godt arbeid innafor kriteria for prisen.

Meir informasjon om prisen

Meir informasjon om prisen finn ein på nettstaden til Utdanningsdirektoratet.

Her finn ein også søknadsskjema som kan nyttast til å nominerer skolar til prisen.

Sjå filmar frå vinnarskolar og nominerte skolar på nettstaden til Utdanningsdirektoratet

Dronning Sonjas skolepris 2018

H.M. Dronning Sonja vil sjølv dele ut prisen til vinnarskolen. Prisen er på kr 250 000,- og eit kustverk laga av Dronning Sonja.

Kontaktpersonar