Introduksjonsordninga

Formålet med introduksjonsordninga er å gjere det lettare for grupper av nykomne innvandrarar å komme raskt ut i jobb eller utdanning. Arbeid og utdanning er avgjerande for deltaking i samfunnet og økonomisk sjølvstende.

Rett og plikt til opplæring

Mange nykomne innvandrarar som blir busette i ein norsk kommune, treng grunnleggjande kvalifisering. Dei har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet. Dei har også rett og plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap i til saman 600 timar. Det er kommunane som har ansvaret for gjennomføringa av introduksjonsprogrammet og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap.

Dei som deltek i introduksjonsprogrammet, har rett til introduksjonsstønad.

Kommunane får finansiert ordninga

Dei som kan få opplæring og støtte etter introduksjonslova, blir registrerte i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR). På bakgrunn av dei registrerte opplysningane kan kommunane søkje om tilskot til å gjennomføre opplæringa i norsk og samfunnskunnskap. Tilskotet blir rekna ut på grunnlag av kor mange personar i målgruppa for rett og plikt som er busette i kommunen, med tillegg for greidd norskprøve. I tillegg blir det gitt tilskot til norskopplæring for vaksne asylsøkjarar til dei kommunane som har asylmottak.

Fylkesmannens oppgåver

Det er Fylkesmannen som godkjenner søknadene i NIR, og som betaler ut tilskota.

Introduksjonslova inneheld fleire føresegner om enkeltpersonars rettar og plikter. Fylkesmannen er klageinstans for vedtak etter desse føresegnene.

Fylkesmannen fører tilsyn med verksemda i kommunane og om dei oppfyller pliktene sine etter introduksjonslova.

Vis meir

Formålet med introduksjonslova er å styrkje nykomne innvandrarar sine moglegheiter til å delta i yrkes- og samfunnslivet, og å styrkje det økonomiske sjølvstendet deira. Eit viktig mål med introduksjonsordninga er å dekkje deltakarane sitt behov for grunnleggjande kvalifisering, både gjennom norskopplæring, innsikt i norske samfunnsforhold og førebuing til arbeid eller vidare utdanning.

Alle kommunar har ei plikt til å sørgje for introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap til målgruppa. Dette er altså ei lovpålagd oppgåve for kommunane.


11.09.2018

Introduksjonslova: Nye endringar i lova

Det er gjort fleire endringar i introduksjonslova. Dei største endringane er knytta til forbod mot ansiktsdekkande plagg, retten til introduksjonsprogram blir utvida og kommunane får plikt til å gi opplæring i mottak.


04.09.2018

Introduksjonslova: Kva slags rettar har deltakaren i samband med feiringa av id al fitr eller andre høgtidsdagar?

Deltakarar som ikkje er medlem av Den norske kyrkja har rett til fri frå deltaking i  introduksjonsprogrammet i opptil to yrkedagar i samband med feiring eller markering av religiøse høgtider. Deltakaren har rett på introduksjonsstønad desse dagane.


25.04.2017

Introduksjonsordninga: Vidaregåande opplæring som tiltak i introduksjonsprogrammet

Frå og med skoleåret 2016/2017 kan vidaregåande opplæring på fulltid inngå som tiltak i introduksjonsprogrammet. Regjeringa uttaler at: "de vil auke bruken av grunnskoleopplæring og videregående opplæring i introduksjonsprogrammet", jf. Meld. St. 16 (2015-2016) Fra utenforskap til ny sjanse. Samordnet innsats for voksnes læring.


19.04.2017

Introduksjonsordninga: Nye malar for individuell plan

Alle deltakarar i introduksjonsprogrammet og norskopplæringa skal ha ein individuell plan. Planen skal seie noko om kva hovudmål og delmål deltakaren har for programmet, og kva aktivitetar og tiltak deltakaren kan nyttiggjere seg av. Kommunen og deltakaren må utarbeide planen i lag.


05.04.2017

Introduksjonsordninga: Kva skal kommunen gjere når deltakaren må sone ein dom?

Innsatte i fengsel har i utgangspunktet dei same rettane til tenester og tilbod som resten av befolkninga. Sjølv om ein deltakar i introduksjonsprogrammet må sona ein dom, kan deltakaren ha rett til å fortsetje i introduksjonsprogrammet.


19.01.2017

Introduksjonslova: Kva fristar gjeld for opplæring i norsk og samfunnskunnskap når opphaldsløyvet etter utlendingslova vert kalla tilbake?

Når ein person har hatt eit opphaldsløyve som har gitt rett og / plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, men opphaldsløyvet har blitt kalla tilbake, og personen får nytt opphaldsløyve -kva gjeld då av fristar for vidare opplæring i norsk og samfunnskunnskap?


17.01.2017

Introduksjonslova: Utvida rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap § 17

Stortinget har vedteke at plikta for opplæring i norsk og samfunnskunnskap gjeld også for personar mellom 55 og 67 år. Endringa trådde i kraft 1. januar 2017.


03.03.2016

Permisjon frå introduksjonsprogrammet ved tilbod om arbeid

Deltakarar i introduksjonsprogrammet kan få permisjon frå opplæringa om dei får tilbod om arbeid. Permisjon kan innvilgast for fleire avgrensa periodar, og totalt for ein periode på inntil eit år. Reglane gjeld frå 19. februar 2016


05.01.2016

Lovendring i introduksjonslova

Endringane gjeld moglegheit for permisjon frå programmet, rettleiing om programmet og ansvar for å starte opplæringa og fritak for opplæring i samfunnskunnskap.


17.03.2015

Nytt om introduksjonslova

Etter vår samling i august 2013 og fram til heilt nyleg har det komme fleire nye tolkingar som verkar inn på kommunen si introduksjonsordning for nykomne flyktningar. Vi har også fått meir røynsle med ulike tema i klagesaker, tilsyn og rettleiing. Fylkesmannen vil gjennomgå endringane og erfaringane  på samlinga for dei som arbeider med introduksjonsordninga i kommunane den 23. april 2015


Fleire nyhende