Kva gjer PPT?

PPT står for pedagogisk psykologisk rådgjevingsteneste.  PPT skal hjelpe slik at alle har eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod i barnehage og skole. Kvar kommune skal ha ei slik teneste.

Publisert 02.05.2023

PPT sitt mandat er heimla i opplæringslova §5-6, barnehagelova §19c og friskolelova § 3-6.

Kven skal PPT hjelpe

  • Barn
  • Elevar
  • Lærlingar
  • Praksisbrevkandidatar
  • Vaksne med behov for særskild tilrettelegging

Særskilte behov

Dei som treng hjelp frå PPT er ikkje ei eins gruppe. Det er ikkje naudsynt med ein diagnose. Det kan t.d. vere

  • Språk- og talevanskar
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Sosiale- og emosjonelle vanskar
  • Atferdsvanskar
  • Syn- og hørselsvanskar
  • Generelle lærevanskar eller fagvanskar
  • Lese- og skrivevanskar
  • Matematikkvanskar
  • Nonverbale lærevanskar

PPT skal sikre at barnet/ eleven får uttale seg om forhold som gjeld dei, jf. Barnekonvensjonen artikkel 12. PPT skal gjere ei barnets-beste-vurdering jf. Barnekonvensjonen artikkel 3.

System- og individretta arbeidsoppgåver

Alle har krav på eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod i barnehage og skole. I tillegg til å skrive sakkunnige vurderingar for einskildpersonar, skal PPT hjelpe barnehagar og skolar med systemretta arbeid. Dette arbeidet skal bidra til å auke kompetansen i barnehagane og skolane, slik at dei betre kan tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter forutsetningane til barna og elevane.

Kommunen eller fylkeskommunen melder behov til PPT

Gjeld meldinga til PP-tenesta behov for vurdering av rett til spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, er det kommunen/eigar eller fylkeskommunen (i praksis barnehagen eller skolen), i samarbeid med føresette/ elev som sender melding til PP-tenesta. Føresette/elev kan også sjølv sende melding til PPT, ved oppleving av behov for sakkunnig vurdering.

Sakkunnig vurdering

Før kommunen/ fylkeskommunen kan fatte vedtak om rett til spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp, må det liggje føre ei sakkunnig vurdering.

Vurderinga skal greie ut og ta stilling til om personen har behov for spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp.

Sakkunnig skal greie ut og ta standpunkt til

  • Utbytte av ordinær opplæring
  • Lærevanskar og særlege forhold hos personen
  • Realistiske opplæringsmål
  • Om vanskane kan avhjelpast innan ordinær tilpassa opplæring
  • Kva for opplæring som samla vil gje personen eit forsvarleg tilbod

Du kan lese meir om PPT på Udir sine sider

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/spesialpedagogikk/pp-tjenesten/

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.