Kompetanseheving Inkluderande barnehage og skolemiljø - pulje 5

Trenger de støtte i arbeidet mot mobbing? Utdanningsdirektoratet tilbyr kompetanseutvikling som skal styrke barnehagar, skolar og skoleeigarar sin kompetanse i å fremje trygge miljø gjennom å førebygge, avdekke og handtere mobbing og andre krenkingar. Nå rekrutterer direktoratet til pulje 5 i det samlingsbaserte tilbodet, og til pulje 3 i det nettbaserte tilbodet. 

Inkluderande barnehage- og skolemiljø: samlingsbasert tilbod

Tilbodet skal styrke både regelverkskompetansen og den pedagogiske kompetansen til barnehagar, skolar, skoleeigarar og barnehagemynde, samt kompetanse i å drive kvalitetsutvikling lokalt.

Hovudinnhaldet i tilbodet er 1. Førebygging, avdekking og handtering av mobbing og andre krenkingar, 2. Utvikle og oppretthalde gode og trygge barnehage- / skolemiljø, og 3. Organisasjon og leiing, generell regelverkskompetanse og tverrfagleg samarbeid.

Om søknadsprosessen og utveljing av deltakarar til pulje 5:

Inkluderande barnehage- og skolemiljø pulje 5 er eit kompetanseutviklingstiltak som vil gå over fem semester frå våren 2020 til desember 2022.  Første samling vil være 31. mars på Clarion Hotel & Congress Oslo Airport.

Interesserte kommunar søker Fylkesmannen i Rogaland om deltaking innan fredag 21.februar 2020.

Fylkesmannen vil gjere sine vurderingar, og søker Utdanningsdirektoratet om deltaking for sine kommunar i prioritert rekkefølge innan 01.03.2020.

Nettkurs om inkluderande barnehage- og skolemiljø

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet har Høgskolen i Innlandet utvikla organisasjonsbaserte nettkurs om inkluderande miljø i barnehage og skole. Gjennom nettkursa vidareutviklar deltakarar og organisasjonar sin kompetanse i å fremme gode og trygge miljø, og førebygge mobbing og andre krenkingar.

Kurset varer i 1,5 år, og i kvart semester øver deltakarane seg på ulike område:

  • Semester A: Følge med, undersøke og analysere
  • Semester B: Handtere krenkingar
  • Semester C: Fremme inkluderande miljø og førebygge krenkingar

Søknadsfrist er 1. mars 2020 for både barnehage og skole.