Skoleturar skal vere gratis

Skoleturar i inn- og utland skal vere gratis.
Skoleturar i inn- og utland skal vere gratis.

Kva for reglar gjeld for skoleturar og betaling? Skal det vere gratis for alle? Er det greitt at foreldre sjølve arrangerer turar for grupper eller klassar? Kva er skolen si rolle i samband med slike turar? Kva med elevar i vidaregåande skolar?

Skolen er gratis

Det er gratis å gå på skole i Norge. Dette gjeld både grunnskolen og vidaregåande skole. Dersom skolen drar på tur, enten det er dagsturar, lengre turar i inn- eller utland, avslutningsturar eller leirskole, skal dette vere gratis for elevane. Men skolane kan pålegge elevane å dekke utgifter til eigen mat også på skoleturar.

Initiativ frå foreldre

Det er mange kommunar og skolar som ikkje finn rom for å dra på turar. Enkelte stader har det derfor vakse fram kreative foreldreinitiativ for å sikre at elevane likevel kan dra på tur. I mange tilfelle tar foreldra på seg oppgåva med å samle inn pengar til skolen for på den måten å få til skoletur, andre vel å arrangere ein eigen tur, altså ikkje ein skoletur.

Det er ikkje ulovleg for foreldra å samle inn pengar på dugnad til turar som skolen arrangerer. Slike turar er å rekne som skoleturar og inngår i skolen sitt undervisningsopplegg. Skolen kjenner elevane, lærerar er med, skolen si forsikring gjeld, skolen sine reglar gjeld og skolen har ansvaret. Det er viktig å vere klar over at det er frivillig for foreldre å betale inn pengar til slike turar, og dei kan heller ikkje tvingast til å delta på dugnad eller å selje til dømes kakeboksar eller dopapir.

Dersom foreldra sjølve vel å arrangere ein tur på frivillig basis for elevane, er det ikkje å rekne som ein skoletur. Det er viktig at dei som arrangerer ein slik tur, er medvitne om ansvaret dei tek på seg som turarrangør. Når ein dreg på tur med mange ungdommar som ein ikkje kjenner, er det viktig å ha gjort risikovurderingar, syte for forsikringar, ha meg seg nok ansvarlege vaksne og ha eitt sett av reglar som er alle er kjende med. For ein slik tur gjeld ikkje gratisprinsippet, og turen må leggast utanfor skoletida. Kommunen og skolen si oppgåve er å syte for at elevane får den opplæringa dei har krav på. Skoleåret skal strekke seg over 38 veker, og det er fastsett kor mange timar elevane skal ha i dei ulike faga i fag- og timefordelinga for Kunnskapsløftet.

Er turen ein skoletur eller ikkje?

Fylkesmannen får ofte spørsmål om turar og betaling: Er turen ein skoletur eller ikkje? Er turen eigentleg er ein skoletur der ein omgår gratisprinsippet? I ei slik vurdering er mellom anna følgjande moment relevante:

  • Blir turen arrangert i skoletida?
  • Kven er ansvarlege dersom det oppstår uhell på turen?
  • Gjeld skolen sine forsikringsordningar?
  • Kvar kjem informasjonen om turen frå, og kva inneheld informasjonen?
  • Gjeld skolen sitt reglement på turen?
  • Er det utarbeidd sanksjonar og reglar om til dømes heimsending frå turen?
  • Er turen reelt sett frivillig, eller opplever elevar og foreldre seg pressa til å vere med på tur?
  • Er skolen involvert i innsamlinga av betaling for turen?
  • Går turen fram av skolen sine planar eller årshjul?
  • Er det organisert opplæring for elevar som ikkje er med på tur?
  • Er det lærarar med på turen?

Dersom svaret på eitt eller fleire av desse spørsmåla er ja, er det sannsynleg at vi vil vurdere at turen reelt sett er ein skoletur, og dermed skal vere gratis.

Vi vil oppmode både foreldre som ønskjer å arrangere turar, og skolar som vurderer å gi elevar fri eller permisjon, eller på annan måte legg til rette for slike turar, å gjere dei same vurderingane som Fylkesmannen.

Vidaregåande skole er også gratis

Kva så med vidaregåande skole? Skal skoleturar vere gratis også her? Det enkle svaret på det spørsmålet er ja. Fylkesmannen er kjent med at mange skolar arrangerer turar der dei krev betaling. Vi kan ikkje sjå at dette er ein praksis som er i tråd med regelverket. Sjølv om skolane lagar alternative opplegg for dei som ikkje er med på tur, meiner Fylkesmannen at så lenge turen er planlagt som ein del av undervisninga og ligg som ein integrert del i skoleåret, ja då er det ein skoletur som skal vere gratis.

Det kan krevjast at elevar i vidaregåande skolar må kjøpe inn naudsynt personleg utstyr. Dette vil til dømes vere naudsynt påkledning i yrkesfag, kalkulator, pennar osb. Lånekassen har eit utstyrsstipend som skal dekkje dette. Eigendel for skoleturar kjem ikkje inn under denne regelen.

Les meir om gratisprinsippet

Sjå elles tolkingar av regelverket på Utdanningsdirektoratet sine heimesider.

Kontaktpersonar