Permisjon frå skolen

Er det forsvarleg å gi eleven fri frå opplæringa?
Er det forsvarleg å gi eleven fri frå opplæringa?

Alle barn i grunnskolealder har opplæringsplikt. Det er likevel mogleg å søkje permisjon frå den pliktige opplæringa. Føresegner om dette finst i opplæringslova § 2–11.

Fråveret må vere forsvarleg

Vilkåret for å få permisjon, er at det er forsvarleg å gi eleven fri frå opplæringa. Skolen må då vurdere om eleven totalt sett får ei forsvarleg grunnskuleopplæring dersom eleven får permisjon. Om det er forsvarleg å gi eleven fri, må vurderast individuelt for kvar elev.

Skolen kan berre gi permisjon for inntil 10 skoledagar om gangen.

Opplæringslova gir i utgangspunktet ingen rett til permisjon. Det er opp til skolen å avgjere om den skal gi permisjon eller ikkje. Samstundes vil det vere tilfelle der det er urimeleg å ikkje gi elevane fri frå skolen. Forvaltningsprinsippet om at like tilfelle må handsamast likt, gjeld i alle tilfelle innanfor ein kommune.

Ein del skolar informerer foreldra tidleg om at elevane vanlegvis ikkje vil få fri når dei har nasjonale prøvar, tentamen og liknande. Slik informasjon vil kunne gi færre søknader og klagesaker. 

Enkeltvedtak og klage

Når skolen tek stilling til søknad om skolefri, er det eit enkeltvedtak. Det inneber mellom anna at når skolen avslår ein søknad som skolefri, må skolen grunngi avslaget. Eleven eller foreldra kan klage avslaget inn for Fylkesmannen. Det er viktig at skolen grunngir avslaga sine. Å berre vise til kommunale retningsliner, vil ikkje vere nok for å fylle kravet til individuell vurdering.

Opplæringslova 

Føresegner om permisjon frå skolen finst i opplæringslova § 2–11

Kontaktpersonar