Jentene er meir samfunnsengasjerte enn gutane

ICCS 2016 er ei internasjonal undersøking som har undersøkt 14- åringane sin kunnskap og engasjement i demokratiske og samfunnspolitiske spørsmål
ICCS 2016 er ei internasjonal undersøking som har undersøkt 14- åringane sin kunnskap og engasjement i demokratiske og samfunnspolitiske spørsmål

Norske elevar har fått meir kunnskap om demokrati frå 2009 til 2016. Samanlikna med det internasjonale snittet skårar dei høgt på kunnskap om og forståing av demokrati, samfunnssystem og demokratiske prinsipp. Fleire jenter enn gutar deltek i demokrati- og medborgarskapsrelaterte aktivitetar. Jenter har også meir positive haldningar til politikk, demokrati og medborgarskap. Dette syner den nye undersøkinga ICC 2016.

ICCS 2016

Den internasjonale demokratiundersøkinga ICCS 2016 (International Civic and Citizenship Education Study) har undersøkt 14-åringane sin kunnskap om og engasjement i demokratiske og samfunnspolitiske spørsmål. Målet er å finne ut korleis denne aldersgruppa kjenner til, utøver og førebur seg til rolla som demokratiske medborgarar i dagens og framtidas samfunn. I alt deltek 24 land i ICCS 2016.

Auka kjønnsskilnader

Frå 2009 har kjønnsskilnadene i Norge auka både når det gjeld demokratiforståing og samfunnsengasjement. Sjølv om det har vore framgang for alle elevar, har jentene auka sitt forsprang, og kunnskapsgapet er auka.

Nedgang i sosial skilnad

Elevar med foreldre utan høgare utdanning har svakare kunnskap om demokrati enn elevar som har foreldre med høgare utdanning. Slik er det i alle land som deltek i undersøkinga. Det same gjeld for elevar frå minoritetsspråklege familiar. Norge skil seg ut ved at disse forskjellane har minka kraftig frå 2009 til 2016.

Rapportar

Dei norske resultata frå ICCS 2016 kan du lese her

Den internasjonale rapporten kan du lese her