Info om trafikktryggleik på fleire språk

Informasjon om elevar sin trafikktryggleik er nå tilgjengeleg på fleire språk. Det er Trygg Trafikk som har utvikla gratis læringsressursar. Ressursane finn du på arabisk, tigrinja, pashto, dari, kurmandji, somali og engelsk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.05.2018

Ved å bruke desse læringsressursane kan elevar som er nye i Noreg lære om trafikktryggleik og få auka risikoforståing samstundes som dei lærar norsk. Elevar som har tatt ressursane i bruk, meiner at ressursane er like aktuelle for vaksne som for barn.

Sjølve ressursane:

http://pafleresprak.tryggtrafikk.no/portal (Hald musepeikaren på pila ved sidan av målform oppe til høgre og velg språk).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar