Gudsteneste i skoletida

Skolegudsteneste skal vere kultur- og tradisjonsformidling.
Skolegudsteneste skal vere kultur- og tradisjonsformidling.

Skolar kan gjennomføre gudstenester som ein del av si generelle kultur- og tradisjonsformidling. Gudstenesta kan ikkje vere ein del av KRLE-faget. Foreldre eller elevar over 15 år kan melde fritak frå gudstenesta. Utdanningsdirektoratet tilrår at skolane organiserer deltaking slik at elevane aktivt melder seg på. 

Aktiv påmelding

Utdanningsdirektoratet oppmodar skolane til å ha ei aktiv påmelding, og at denne påmeldinga bør vere samstundes for både gudsteneste og alternative tilbod. Dei presiserar også at fritak omfattar øving til gudsteneste.

 

Viktige føresetnader

Utdanningsdirektoratet har klargjort viktige føresetnader for gjennomføring av skolegudstenester:

  • at det skjer i samarbeid og forståing med heimen
  • at det er enkelt for heimen å forstå kva ein eventuelt skal be seg fritatt for
  • at det er gitt informasjon i så god tid at heimane som ynskjer det, med rimeleg frist kan melde om fritak
  • at skolen har sørgja for ikkje-diskriminerande fritaksordningar eller alternativ som er gode for dei som melder fritak
  • fritak omfattar også øving til gudsteneste
  • skulen bør organisera deltakinga ved aktiv påmelding
  • at heimen ikkje må gi ut informasjon om eigen tru 
  • rektor skal sikra at fritaksretten vert rett praktisert

Ikkje semesteravslutning

Gudstenesta bør ikkje få karakter av semesteravslutning, då ei avslutning skal vere samlande for alle elevar på skolen. Avslutningsarrangement, og andre markeringar i løpet av skoleåret som er meint å inkludere alle elevar, bør difor leggast til skolen, slik at alle kan delta.

Meir informasjon 

Du kan lese meir om gudstenester på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Kontaktpersonar