Gode råd mot skolevegring

Dei fleste barn og unge går på skolen frivillig og utan problem. Likevel er det barn som har vanskar med å komme seg på skolen. Det er viktig at du som forelder tidleg tar kontakt med skolen slik at tiltak kan setjast i verk så fort som råd. 

Det finnes mange grunnar til at barn og unge ikkje klarer å gå på skolen. Det kan vere forhold på skolen som mobbing, faglege eller sosiale vanskar, manglande tilrettelegging eller bråk og uro i klassen. Skolevegring kan også skuldast forhold i heimen som søvnvanskar, stress eller vanskar i samspelet med foreldra.

Rett og plikt til å gå på skole

I Norge har grunnskoleelevar både rett og plikt til å gå på skolen, jf. opplæringslova § 2-1. Det betyr at ein elev ikkje utan vidare kan la vere å gå på skolen. Det er derfor viktig at du som forelder tidleg tar kontakt med skolen slik at tiltak kan setjast i verk så fort som råd.

10 gode råd

Trude Havik er postdoktor ved Læringsmiljøsenteret i Stavanger. Ho har ti gode råd til deg som forelder om kva du kan gjere når barnet ditt vegrar seg for å gå på skolen.  

  1. Snakk med barnet ditt
  2. Kontakt skolen så fort som mogleg
  3. Gjer ein avtale
  4. Utøv eit mildt press
  5. Ikkje gjer det for attraktivt å vere heime
  6. Ta med barnet til legen
  7. Oppretthald ein normal kvardag
  8. Framsnakk skolen
  9. Ha gode rutinar
  10. Ikkje føl skyld

Kontaktpersonar