Alle elevar skal ha det godt på skolen

Mange elevar har det godt på skolen. Skolemiljøet fremjar både helsa, trivselen og læringa deira. Dei møter venner på skolen og utviklar seg positivt både fagleg og sosialt. Dessverre er det ikkje slik for alle. Nokre elevar får vondt i magen berre ved tanken på skolen. Dei blir inneslutta og redde og klarer ikkje å konsentrere seg om det dei skal lære. Dei har kanskje berre nokre få som dei stolar på. Nokre har ingen. Kva kan vi gjere?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.10.2016

Alle elevar har rett til eit godt skolemiljø som fremjar deira helse, trivsel og læring. Alle elevar har rett til eit skolemiljø som er fritt for krenkjande åtferd. Kva skal vi gjere når denne retten er broten?

Kva skal skolen gjere dersom dei oppdagar at nokon ikkje har det godt på skolen?

Alle tilsette på skolen har plikt til å gjere noko dersom dei oppdagar eller har mistanke om at ein elev ikkje har det godt på skolen eller på skolevegen. Rektor på skolen skal alltid varslast. Skolen skal raskt undersøkje saka og avgjere kva dei skal gjere for å stoppe f.eks. konfliktar eller mobbing.

Leiinga ved skolen har ansvar for å setje inn tiltak som dei meiner skal rette situasjonen og sikre eleven eit godt skolemiljø. Føresette skal få melding om kva som blir gjort. Føresette skal bli lytta til og tekne med på råd om dei har forslag som dei meiner vil fungere.

Du har rett til å klage på skolemiljøet

Elevar og foreldre har rett til å klage på skolemiljøet. Du kan snakke med ein lærar eller rektor, i møte eller på telefonen. Du kan skrive e-post eller brev om du heller vil det. Uansett korleis du tar kontakt og kven du snakkar med på skolen, skal rektor bli varsla om saka. Rektor skal alltid skrive skriftleg vedtak i saka når foreldre eller elevar ber om at noko blir gjort med skolemiljøet. Ikkje vent. Ta kontakt med ein gong!

Du har rett til å klage på skolemiljøet - sjølv om du ikkje veit heilt kva som føregår

Det kan vere vanskeleg å finne ut kvifor ein elev ikkje har det godt på skolen, eller om eleven blir mobba på skolen. Foreldre forstår kanskje ikkje kvifor barnet vil vere heime, eller kvifor barnet gret når det blir følgt til skolen. Større barn skjemmest kanskje av det dei vert utsette for og vil ikkje seie i frå. Nokre gonger er plaginga ei rekkje småting som det er vanskeleg å setje ord på. Andre gonger er kanskje klassemiljøet vanskeleg og barna trivst ikkje, sjølv om det ikkje er nokon som plagar dei direkte.

Alle elevar har uansett rett til eit godt skolemiljø. Retten til eit godt skolemiljø er ikkje berre ei lov som gjeld ved mobbing. Mobbing er eit alvorleg brot på retten til eit godt skolemiljø, men det finst også andre årsaker til at elevar ikkje har det godt på skolen. Sjølv om du ikkje heilt veit årsaka til at barnet ditt ikkje har det godt på skolen, har du rett til å klage på skolemiljøet.

Skolen har så plikt til å undersøkje og finne årsaka til at eleven ikkje har det godt på skolen. Du har òg rett på eit skriftleg vedtak.

Du har rett på skriftleg vedtak

Når ein elev eller forelder klagar på skolemiljøet, skal skolen undersøkje og opplyse saka så snart dei kan. Så skal rektor skrive eit vedtak. Her skal rektor skrive om han meiner eleven sin rett til eit godt skolemiljø er broten eller ikkje. Det skal stå kva undersøkingar skolen har gjort, og kva tiltak som eventuelt skal setjast i verk for å betre eleven sin situasjon. I enkeltvedtaket skal det stå at du har rett til å klage på vedtaket.

Når skolen gjer vedtak i ei sak, inneber det rettar og pliktar for ein eller fleire personar. I vedtak om personlege forhold gjeld teieplikta.

Du har rett til å klage på vedtaket

Dersom du meiner at det som står i vedtaket ikkje kjem til å hjelpe barnet ditt, har du rett til å klage på det. Då må du klage innan tre veker etter at du har fått vedtaket. Klagen skal sendast til skolen. Skolen skal så vurdere saka på nytt. Det kan få to utfall:

a) Skolen kan sjølv oppheve vedtaket og skrive eit nytt. (Husk at du også har rett til å klage på det nye vedtaket om du meiner at det ikkje kjem til å hjelpe barnet ditt.)

b) Dersom skolen ikkje vil gjere endringar, skal skolen sende saka vidare til Fylkesmannen.

Du har rett til å klage på skolemiljøet fleire gonger

Om du opplever at skolen følgjer opp pliktene sine, men at problemet likevel ikkje blir løyst gjennom dei tiltaka som vart bestemte, har du høve til å be om nye tiltak.

Når kan Fylkesmannen hjelpe deg?

Fylkesmannen kan hjelpe deg om skolen ikkje følgjer opp pliktene dei har etter opplæringslova. Du har rett til å klage om:

  • du ikkje er fornøgd med tiltaka eller innhaldet i enkeltvedtaket
  • skolen ikkje gjennomfører dei tiltaka som står i enkeltvedtaket
  • skolen ikkje skriv eit enkeltvedtak sjølv om du har bedt om at noko må gjerast med skolemiljøet
  • skolen ikkje skriv eit enkeltvedtak innan rimeleg tid
  • skolen ikkje tar problemet ditt på alvor
  • saksbehandlinga tar lang tid
  • det er gjort andre saksbehandlingsfeil

Kva gjer Fylkesmannen?

Fylkesmannen kan avgjere om eleven sin rett til eit godt skolemiljø er oppfylt eller ikkje. Eleven sine rettar står i opplæringslova kapittel 9a. Dersom Fylkesmannen finn at eleven sin rett ikkje er oppfylt, kan skolen bli pålagt å setje inn nødvendige tiltak straks.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Aktuelt

Fylkesmannen kan hjelpe deg om skolen ikkje følgjer opp pliktene sine.

Du har rett til å klage dersom:

Du ikkje er fornøgd med tiltaka eller innhaldet i enkeltvedtaket.

Skolen ikkje gjennomfører dei tiltaka som står i enkeltvedtaket.

Skolen ikkje skriv eit enkeltvedtak sjølv om du har bedt om at noko må gjerast med skolemiljøet.

Skolen ikkje skriv eit enkeltvedtak innan rimeleg tid.

Skolen ikkje tar problemet ditt på alvor.

Saksbehandlinga tar lang tid.

Det er gjort andre saksbehandlingsfeil.

 

Lenkje: Opplæringslova kapittel 9a