Grunnskule og vidaregåande opplæring

Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar, mens fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa på vidaregåande nivå. Også godkjende private skular kan tilby grunnopplæring.

Fylkesmannen har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.

Fylkesmannen rettleier fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og friskulelova. Fylkesmannen skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Fylkesmannen. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing. 

Klage til fylkesmannen

Fylkesmannen behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Fylkesmannen for endeleg behandling.

 

Vis meir


18.11.2019

Nye læreplanar - grunnskolen og gjennomgåande fag vgo

Her er dei nye læreplanane for grunnskolen og gjennomgåande fag i vidaregåande opplæring. For 1.–9. trinn og Vg1 blir dei innførte august 2020. For 10. trinn og Vg2 blir dei innførte august 2021. For Vg3 blir dei innførte august 2022.

11.11.2019

Ny stortingsmelding om tidleg innsats i barnehage, skole og SFO

Regjeringa styrker tidleg innsats i heile barnehage- og skoleløpet. Alle skolar skal få tilgang til lærarspesialistar i begynnaropplæringa frå 1. til 4. klasse, og alle skolar og barnehagar skal ha spesialpedagogisk kompetanse.  

17.10.2019

Tilskot til turar til minnestader frå andre verdskrig

Skolar kan søkje om middel til å reise på tur til minnestader frå andre verdskrig.

14.10.2019

Deling av klasselister

Klasselister og elevlister er offentlege dokument. Skolar kan som hovudregel dele ut klasselister til føresette og elevar om dei ønskjer det.

09.07.2019

Nytt til skolestart

Fokus neste skoleår er fornyinga av læreplanane. Det blir også plikt for kommunane å tilby leirskoleopphald samt nye reglar for fråver og delar av kjøreopplæringa i vidaregåande skole. Les meir om kva som er nytt på nettstaden til Utdanningsdirektoratet.

27.06.2019

Foreslå din skole til Benjaminprisen 2019

Tilhøyrer du ein skole som arbeider aktivt mot rasistiske kommentarar og haldningar blant norske elevar? Har skolen god undervisning som utfordrar stereotypiar og fordommar? Arbeider skolen systematisk for å skape likeverd og samhald?  Foreslå din skole til Benjaminprisen 2019!

12.06.2019

Foreslå kandidatar til foreldreutval for barnehagar og for grunnskolen

Det skal velgjast nye kandidatar både til nytt foreldreutval for barnehagar (FUB) og til nytt foreldreutval for grunnopplæringa (FUG) 2020 -2023. Kandidatar må ha erfaring frå arbeid som foreldrerepresentant på barnehage,- skole- eller kommunenivå. Foreslå kandidatar innan 1. september 2019

05.06.2019

Nominasjon til Dronning Sonjas skolepris 2019

Dronning Sonjas skolepris skal gå til ein grunnskole eller ein vidaregåande skole, som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og inkludering på ein god måte. Nominasjonar må sendast Fylkesmannen innan 26. august 2019.

09.05.2019

Til deg på ungdomssteget som er minoritetsspråkleg 2019

Fylkesmannen har laga ei brosjyre til deg som er minoritetsspråkleg på ungdomssteget. Brosjyra inneheld informasjon om vurdering, karaktersetjing og retten til å klage på karakterar.

09.05.2019

Til deg på ungdomssteget 2019

Fylkesmannen har laga ei brosjyre med informasjon om vurdering, karaktersetjing og retten til å klage på karaktar

Fleire nyhende