Innan 1. mars må skolane foreslå fagpersonar som sensorar og melde på kandidatar til eksamen våren 2020

Rektor kan foreslå fagpersonar som sensorar til sentralt gitt eksamen i grunnskolen og vidaregåande skole. Registreringa må skje i PAS-eksamen innan 1. mars 2020.

Alle skolar skal melde på sine kandidatar til sentralt gitt eksamen våren 2020 i grunnskolen eller vidaregåande skole. Påmeldinga skjer via skoleadministrativt system, eller direkte i PAS-eksamen innan 1. mars.

Å vere sensor

Ein sensor bør undervise i faga ein ønsker å vere sensor i, ha gode faglege kunnskapar og kjenne kompetansemåla i læreplanane. I tillegg må ein ha gode datakunnskapar, setje seg inn i skriv frå Fylkesmannen og delta på fellessensuren. Ein sensor vil i snitt sensurere mellom 150 og 200 eksamensoppgåver.

Ikkje alle som blir foreslåtte som sensorar vil bli valde ut. Det skal vere rullering av sensorar i alle fag, og PAS-eksamen vel ut sensorar med ulik erfaring. For faget norsk, både i grunnskolen og vidaregåande skole, oppfordrar vi at fleire melder seg som fagpersonar.

Korleis foreslå fagpersonar som sensorar?

Fagpersonregisteret i PAS må oppdaterast før våreksamen.

Rektor skal vurdere om tilsette på sin skole er eigna som sensor, og må sikre at berre dei som er eigna til å vere sensor blir registrerte i fagpersonregisteret.

Rektor foreslår fagpersonar i PAS-eksamen

Betaling

Sensorane blir honorerte etter gjeldande sats for sensur. Satsen per 1. mai 2019 er kr 327,60 per time (lønnstrinn 62). I tillegg kjem refusjon av reisekostnader og andre utgifter.

Påmelding av kandidatar til eksamen

Alle skolar skal melde på sine kandidatar innan 1. mars for våreksamen i grunnskolen og i vidaregåande skole. Ved eventuelle etterpåmeldingar skal skolane kontakte skoleeigar (tenesteveg). Skoleeigar kontaktar så Fylkesmannen.

Eksamen og fellessensur

På Utdanningsdirektoratet sin nettstad finn du nødvendig informasjon under Eksamen.

Datoar for fellessensur.