Førebu elevane til eksamen i grunnskolen

Utdanningsdirektoratet ber skolane bu elevane på eksamen. Her finn ein og informasjon om korleis skolane skal bu seg og gjennomføre eksamen på eit trygt og sikkert vis.

Testeksamen

UDIR oppmodar alle skolar til å teste nettverk og maskinkapasitet før eksamen startar. Testen blir gjennomført onsdag 20. og torsdag 21. april.
Påmelding skjer på vanleg måte frå ditt skoleadministrative system eller direkte i Utdanningsdirektoratet sin nye teneste for eksamensadministrasjon.

Du finn praktisk informasjon ved å klikke på «Testeksamen» i kalenderen:

Ny eksamensteneste     

UDIR har laga ein ny og brukarvennleg eksamenstjeneste for deg som administrerer eksamen. Her kan du lese meir:

Eksempeloppgåver

I lenkja under finn du tidlegare eksamensoppgåver og rettleiingar for grunnskolen.
Passord for å komme inn på eksamensoppgåver, rettleiingar og eksempeloppgåver er: 
Eksempel

Sikkerheit rundt eksamensoppgåvene

Det er skoleleiar sitt ansvar å handtere oppgåvene forsvarleg, etter dei retningslinene som står skrive på sikkerhetsposen eksamensoppgåvene ligg i. Eksamensoppgåvene blir sendt ut i uke 20.

Nettbaserte hjelpemiddel

Våren 2015 vart regelverket for hjelpemiddel til eksamen presisert til også å gjelde nettbaserte hjelpemiddel. Dette skapte litt usikkerheit. UDIR har difor forklart og begrunna presiseringa her:

Ikkje bruk nettbrett

Eksamensystema er ikkje laga for nettbrett. UDIR anbefaler difor at eksamen blir gjennomført på tradisjonelle stasjonære eller berbare datamaskinar.

Samla informasjon om eksamen