Eksamen

Fylkesmannen har mellom anna som oppgåve å følgje opp regionalt arbeid med det nasjonale kvalitetsvurderingsssystemet, herunder eksamen.

Oppgavene går ut på sensur og klagebehandling for skriftleg eksamen i grunnskolen, vidaregåande opplæring og grunnskoleopplæring for vaksne.

Arbeidet omfattar:

  • oppnemning av sensorar
  • fordeling av sensorane i eksamenssystemet
  • innkalling og gjennomføring av møter i samband med fellessensuren
  • organisere klagebehandling ved klager på eksamenskarakterar
  • medverke til å utarbeide karakterstatistikk
  • økonomirapportering av forbruk i samband med eksamensordninga

09.01.2014

Nytt rundskriv om lokalt gitt eksamen

Utdanningsdirektoratet har publisert ei nytt rundskriv om lokalt gitt eksamen - Udir-2-2014. Rundskrivet utdjupar reglane for lokalt gitt eksamen i forskrifta.

23.10.2013

Lokalt gjeve munnleg eksamen

Kunnskapsdepartementet har fastsett overgangsregel for lokalt gjeve munnleg eksamen. Endringane for lokalt gjeve munnleg eksamen skal gjelde frå og med våren 2014. Lokalt gjeve munnleg eksamen skal gjennomførast etter gamle reglar denne hausten.

03.10.2013

Munnleg eksamen - endringar

Kunnskapsdepartementet har fastsett endringar i regelverket for lokalt gjeve munnleg eksamen i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

11.02.2013

Særskilt tilrettelegging av eksamen

Utdanningsdirektoratet har presisert at minoritetspråklege elevar som ikkje meistrar skriftleg norsk godt nok til å avlegge eksamen, ikkje kjem inn under bestemminga om særskilt tilrettelegging av eksamen.