Eksamen

Fylkesmannen har mellom anna som oppgåve å følgje opp regionalt arbeid med det nasjonale kvalitetsvurderingsssystemet, herunder eksamen.

Oppgavene går ut på sensur og klagebehandling for skriftleg eksamen i grunnskolen, vidaregåande opplæring og grunnskoleopplæring for vaksne.

Arbeidet omfattar:

  • oppnemning av sensorar
  • fordeling av sensorane i eksamenssystemet
  • innkalling og gjennomføring av møter i samband med fellessensuren
  • organisere klagebehandling ved klager på eksamenskarakterar
  • medverke til å utarbeide karakterstatistikk
  • økonomirapportering av forbruk i samband med eksamensordninga

28.05.2018

Dispensasjon og annullering av eksamen

I nokre tilfeller blir det gjort formelle feil ved eksamensgjennomføringa. Då skal skolane, på vegne av eleven, sende søknad om å annullere eksamen. Det er Utdanningsdirektoratet som handsamer søknader om dispensasjon og annullering av eksamen.


04.04.2018

Testeksamen

Alle skolar bør teste skolen sitt nettverk, maskinkapasitet og tilgang til dei nettbaserte hjelpemidla før eksamen. Når eksamen har starta, er det for seint å sjekke om systemet fungerer! Testen skjer torsdag 26. april og fredag 27. april.


09.03.2018

Sensorskolering og fellessensur i vidaregåande våren 2018

Fylkesmannen i Rogaland arrangerer fellessensur for norsk Vg3 tysdag 19. juni. For dei resterande faga som Fylkesmannen i Rogaland har ansvaret for, blir fellessensuren onsdag 20. juni.


20.02.2018

Hugs påmelding av elevar til eksamen

Skolane må melde opp elevar til eksamen før 1. mars 2018. Det er berre dei elevane som skal ta eksamen som skal meldast opp.

Nyttig informasjon om eksamen finn ein på Utdanningsdirektoratet sine heimesider.


14.02.2018

Datoar for sensorskolering og fellessensur i grunnskolen 2018

Utdanningsdirektoratet har fastsett tidsplanen for skriftleg eksamen i grunnskolen 2018. På bakgrunn av dette har Fylkesmannen sett mandag 18. juni som dato for fellessensur i grunnskolen.


Fleire nyhende


Kontaktpersonar

Aktuelt

Eksamen grunnskole 2017-2018

Eksamen vidaregåande skole 2017-2018

Sensurering vår 2018

Retningsliner for sensur

Uregelmessigheter

Eksamensrettleingar og vurderingsskjema vgs

Fullmaktskjema