Informasjonsfilm om kap.9a frå Fylkesmannen

Elevar frå Bryne vidaregåande skole har laga informasjonsfilm om retten til eit trygt og godt skolemiljø.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.02.2022

Fylkesmannen tok i 2019 kontakt med Bryne vidaregåande skole med spørsmål om å lage ein film på oppdrag frå Fylkesmannen. På Fylkesmannen si heimeside er det publisert ein film som informerer om temaet. I tillegg til denne ønska Fylkesmannen ein ny film der elevane var meir i fokus, ein film der elevar frå barneskolen til vidaregåande kunne kjenne seg igjen i.

Lærarane på Bryne videregåande skole, svarte positivt på spørsmålet og kunne bruke dette som ei oppgåve til elevane i undervisninga. Fylkesmannen snakka med elevane om oppdraget til Fylkesmannen, om plikta skolane har til å følgje med, gripe inn, varsle, undersøke og sette inn tiltak for elevar som opplever å ikkje ha det trygt og godt på skolen. Elevane diskuterte kva som kan vere grunnen til at nokon ikkje har det trygt og godt på skolen, og kom til at det kan vere ulike grunnar ut frå alder, skole, kven du er og dei erfaringane du har frå før.

Fylkesmannen har nå fått ein ny informasjonsfilm som viser elevar i ulik alder og situasjon. Filmen informerer, på ein enkel måte, kva elevane kan gjera for å få hjelp og kven som har ansvar for at alle elevar skal ha det trygt og godt på skolen.

Fylkesmannen vil sende filmen til dei enkelte skolane i fylket slik at dei kan bruka den fritt ut mot elevar, føresette eller på eigne heimesider.

 

Fylkesmanen takkar elevane på Bryne vidaregåande skole for flott bidrag.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.