139 mobbesaker til Fylkesmannen i Rogaland i fjor

Marianne Skogerbø er utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland
Marianne Skogerbø er utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

I 2018 fekk me inn 139 nye saker. 110 saker var ferdigbehandla ved utgangen av året. Aktivitetsplikta var broten i 77 prosent av tilfella. 

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking, som mobbing, vold, diskriminering og trakassering. Viss ikkje eleven har det trygt og godt, skal skulen varslast. Då har dei ei veke på seg til å ta tak i saka og deretter laga ein skriftleg plan for korleis eleven skal hjelpast.

Skjer ikkje dette, kan Fylkesmannen kontaktast. I 77 prosent av sakene me ferdigbehandla i fjor, hadde ikkje skulen gjort det lova krev og med andre ord brote aktivitetsplikta. 

Stor variasjon mellom klassetrinna

I 64 prosent av sakene i 2018 var det gutar som opplevde at dei ikkje hadde ein trygg og god skulekvardag. Me ser også at det er stor variasjon frå klassetrinn til klassetrinn. 

Klassetrinn Saker
1. 2
2. 4
3. 11
4. 20
5. 13
6. 16
7. 40
8. 10
9. 13
10. 5
Vidaregående skule og uoppgitt klassetrinn 5
TOTALT 139

 

Flest saker i dei største byane

Frå me blir varsla, tar det gjennomsnittleg 37,5 dagar før sakene er ferdigbehandla og vedtak fatta hos oss. Dei fleste sakene me fekk inn i 2018 kom frå Stavanger-elevar, med Sandnes på andreplass. Dette er dei mest folkerike kommunane i Rogaland. Når me ser på tala elles i landet, er det ikkje noko som tyder på at Rogaland skiller seg ut verken i negativ eller positiv retning.

Mange saker kjem aldri til oss, fordi dei blir handterte på skulane. Det er viktig at kommunane og skulane informerer elevar og foreldre om høvet til å klaga til oss viss det ikkje blir gjort nok, seier utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland, Marianne Skogerbø.

Når tala frå Stavanger og Sandnes er såpass mykje høgare enn i dei andre kommunane, kan dette like gjerne handla om at foreldre og føresette er godt informerte om høvet til å kontakta Fylkesmannen. 

Kommune/skuleeigar Saker
Stavanger 49
Sandnes 37
Karmøy 6
Sola 4
4
Randaberg 4
Finnøy 3
Time 3
Haugesund 4
Klepp 2
Lund 3
Gjesdal 2
Tysvær 2
Vindafjord 1
Rennesøy 1
Sauda 1
Eigersund 1
Kvitsøy 1
Hjelmeland 1
Sokndal 1
Strand 0
Utsira 0
Forsand 0
Bokn 0
Suldal 0
Bjerkreim 0
Rogaland fylkeskommune 1
Friskular 8
TOTALT 139

 

Dette står i lova

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø. Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking, som mobbing, vold, diskriminering og trakassering.

Skolen skal heile tida arbeide for best mogleg skolemiljø og at skolen blir opplevd som trygg og god for elevane. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.

Alle vaksne som arbeider på skolen skal følge med på at elevane har det bra og gripe inn mot mobbing og anna krenking. Dei skal også varsle rektor viss dei får mistanke eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt.

Dette står i opplæringslova kapittel 9A og gjeld frå 1.8.2017