Tilretteleggingsmidlar for ABLU studentar og barnehagelærarutdanning på deltid 2019-2020

Fylkesvis samarbeidsforum Rogaland har gitt Fylkesmannen fullmakt til å fordele tilretteleggingsmidlar for studieåret 2019/2020. Dette er ein del av regional ordning for kompetanseutvikling i barnehagane. Samarbeidsforum har vedtatt at det skal settast av kr 2 600 00,- til formålet og korleis midla skal prioriterast.  Frist for å søkje om desse midla er 30.august 2019

I tillegg er det mogleg å søkje tilretteleggingsmiddel gjennom Utdanningsdirektoratet sin søkjarportal.

Prioriterte studium i denne ordninga

På bakgrunn av kompetansebehovet i kommunane og tal i BASIL, vil fylkesvis samarbeidsforum Rogaland tildele midlar til følgjande studium i prioritert  rekkjefølge :

  1. 4.års studentar på ABLU eller 4. års studentar på deltid barnehagelærarutdanninga.
  2. 3.års studentar på deltid barnehagelærarutdanninga.
  3. 2.års studentar på deltid barnehagelærarutdanninga
  4. 1.års studentar på ABLU eller 1. års studentar på deltid barnehagelærarutdanninga

Dersom avsette midlar ikkje er tilstrekkelege, skal barnehagar og område som har utfordringar med rekruttering av kvalifisert personale, prioriterast. Denne vurderinga blir gjort med bakgrunn i tal frå BASIL.

Økonomisk støtte gir eigarar (kommunar og private) høve til å leggje forholda til rette for å få fleire pedagogar i sine barnehagar. Midla er knytt til den enkelte tilsette slik at studiet kan gjennomførast på ein god måte.

Kriteria for å kunne søke om midlar

  • Barnehageeigar søker om midlar for tilrettelegging av egne tilsette
  • Dei tilsette skal ha minimum 50% fast arbeidsforhold i barnehagar i Rogaland.
  • Dersom den tilsette er tilsett i fleire barnehagar, må det avklarast lokalt korleis midlane fordelast mellom barnehagane.
  • Det kan søkjast inntil kr. 50 000 per student og for maks 2 tilsette pr barnehage.
  • Midla er knytt til den enkelte tilsette
  • Tilsette som får tilskott vil få tilskott i heile utdanningsløpet.

Korleis midlane skal nyttast

Som hovudregel skal midlane ikkje betalast ut som stipend, fordi dei då vil bli skattepliktige og utløyse arbeidsgjevaravgift. Vidareutdanningsstudiar som er søkt via Utdanningsdirektoratet sin søkjarportal, inngår ikkje i denne ordninga. Midlane skal brukast til å legga til rette for studiedeltaking for den enkelte tilsette:

  • vikarmidlar for at den tilsette skal få permisjon med lønn for å delta på studiesamlingar og lese og eksamensdagar. (arbeidsgjevaravgift for vikar må ein dekke innanfor tildelt ramme)
  • å dekke reise- og/eller opphaldsutgifter, studiemateriell for den tilsette
  • å dekke reise- og/eller overnatting
  • studiemateriell for den tilsette
  • å dekke utgifter den tilsette har etter rekning/faktiske utgifter og som kan dokumenterast
  • Det skal lagast ein avtale mellom barnehagen og studenten i starten av semesteret korleis midla skal brukast. Avtalen skal sendes til barnehagemyndigheita når den er signert av begge partar.

Søknad

I høgre margen finn du søknadsskjema som barnehageeigar kan bruke når dei skal søke midlar for sine tilsette. Midlane betalast ut til barnehagemynda i dei respektive kommunane som fordeler midlane vidare. Utbetalte midlar på kr 50 000 gjeld for heile studieåret 2019/20. Midla vert utbetalt i løpet av september 2019

Frist for å sende inn søknad er 30. august 2019

 

Søknaden skal sendast til:

Fylkesmannen i Rogaland, Utdanningsavdelinga

fmropost@fylkesmannen.no eller

Postboks 59, 4001 Stavanger

Kontaktpersonar