Søk om middel til ekstern barnehage- og skolevurdering

Ei ekstern vurdering er ei analyse av barnehagar eller skolar om kva behov ein har for utvikling. (Foto: UDIR)
Ei ekstern vurdering er ei analyse av barnehagar eller skolar om kva behov ein har for utvikling. (Foto: UDIR)

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om middel for å forbetre barnehagen- og skolene sitt utviklingsarbeid. Søkjarar må ha intensjonar om å starte eller vidareutvikle arbeid med ekstern vurdering, i eit samarbeid med fleire kommunar eller fylkeskommunar. Søknadsfrist er 6. mai 2019

Kva er ekstern barnehage - og skolevurdering?

Ekstern barnehage- og skolevurdering er verktøy for å forbetre barnehagane og skolane sitt utviklingsarbeid. Les meir på nettstaden til Utdanningsdirektoratet

Ekstern vurdering handlar om å få eit eksternt blikk på verksemda, gjort av likemenn. Vurderarane bør ikkje ha eit for nært tilhøve til den barnehagen eller skolen dei skal vurdere, då dette kan bidra til at dei ikkje får naudsynt tillit og respekt, eller at det blir vanskeleg for dei å vere uavhengige i vurderinga. Kvalitetsvurderingsarbeid i for små kommunar kan også vere vanskelege. Eksterne vurderarar bør ikkje vurdere i eigen kommune.

Korleis arbeide med ekstern barnehage- og skolevurdering

Det er opp til kvar einskild region om korleis arbeidet med ekstern vurdering skal organiserast. Utdanningsdirektoratet anbefalar at fleire kommunar samarbeider om organisering og gjennomføring av ekstern vurdering.

For å sikre kontinuitet, forutsigbarheit og langsiktigheit bør det settjast av ressursar til ein stilling og utnevnast eller ansettast ein koordinator i kommunen/regionen til å koordinere arbeidet med ekstern vurdering.

Søknadssum

Dei som får innvilga søknaden får 60 000 kroner. I tillegg tilbyr Utdanningsdirektoratet to dagar med opplæring i metoden for ekstern vurdering.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om ekstern barnehage- og skolevurdering på nettstaden til Utdanningsdirektoratet. Her finn du også søknadssjema. Søknadsfrist er 6. mai 2019

 

Les også FAFO sin rapport om ekstern barnehagevurdering