Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage

Regional ordning skal bidra til at barnehagar utviklar sin pedagogiske praksis gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling. Målet er å sikre at alle barn får eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet.

Fylkesmannen, barnehageeigarar, lokal UH (universitet eller høgskolar) og andre relevante aktørar i Rogaland, skal samarbeide for å kartleggje behov for kompetanseutvikling og planleggje utviklingsarbeidet.

 

Samarbeidsforum for regional ordning i Rogaland

Fylkesvis samarbeidsforum er ein arena for samarbeid mellom aktørene i barnehagesektoren. Samarbeidsforumet skal bli einige om ein langsiktig kompetanseutviklingsplan for perioden 2019-2022.

På bakgrunn av prioriterte mål og tiltak i kompetanseplanen skal forumet bli einige om bruk av årlege tildelte kompetansemidler ut frå overordna styringssignal og endringar i behova i barnehagesektoren i Rogaland. 

Samarbeidsforumet i Rogaland er samansatt av:

• Kommunene i Rogaland ved leiarane i dei regionale kompetansenettverka
• Høgskolen på Vestlandet 
• Universitetet i Stavanger 
• Utdanningsforbundet
• Private barnehagers landsforbund 
• Kommunesektorens interesseorganisasjon 

Fylkesmannen i Rogaland leiar og koordinerar samarbeidsforumet

Kompetanseregionar

Rogaland er inndelte i tre kompetanseregionar: 

  • Region NORD med kommunane Haugesund, Tysvær, Karmøy, Sauda, Suldal, Vindafjord, Utsira og Karmøy
  • Region MIDT med kommunane Stavanger, Sola, Randaberg, Strand og Hjelmeland,
  • Region SØR med kommunane Sandnes, Klepp, Time, Hå, Eigersund, Lund, Bjerkreim og Sokndal.

Alle regionane har ei styringsgruppe og eiga arbeidsgruppe.

Du finn deira planar i høgremenyen.

Sentrale punkter for ordninga er:

  • Barnehagen vurderer sitt behov for kompetanseutvikling
  • Samarbeidsfora utvikler ein langsiktig plan for kompetanseutvikling, basert på behova i regionen.
  • Kompetanseutviklingsplanen gir ein felles retning og  større forutsigbarhet for barnehagar, eigarar, universitet og høgskoler, og andre aktørar. 
  • Aktørane bidreg til samskaping og gjensidig læring som endrar praksis.
  • Universitet og høgskoler får ein meir praksisnær kompetanse.

 

Les mer om ordninga på nettsiden til Utdanningsdirektoratet