Nytt til barnehagestart

Barnehage
Barn skal ha ein barnehage med god kvalitet (Foto: Solution Marketing UB / FMRO)

Her finn du kva som er nytt til barnehagestart

Utvida gratis kjernetid og ny makspris for foreldrebetaling

I august 2019 vil retten til gratis kjernetid bli utvida til også å gjelde 2-åringar.
Makspris for foreldrebetaling frå 1. august 2019 er 3040 kroner.

Realfagsløyper

realfagsløyper.no  finn ein nye kompetansepakkar om korleis barnehagen kan arbeide med barn og realfag.

Foreldreundersøkinga i barnehagen – utvida gjennomføringsperiode

I år er gjennomføringsperioden for foreldreundersøkinga utvida. Den er frå 1. november til 20. desember. UDIR publiserer resultata i Statistikkportalen den 15. februar. Barnehagar og kommunar har tilgang til eigne resultat gjennom rapportportalen. Her kan du lese meir om foreldreundersøkinga.

Barn med særskilte behov

Nå kan du raskt få råd frå Statped om å tilrettelegge for og inkludere barn med særskilte behov. Chat, ring eller send en e-post til Statped sitt rådgivarteam.

 

Kontaktpersonar