Plan for implementering av ny rammeplan.

Ny rammeplan trådde i kraft 1.august. Fylkesmannen har ei sentral rolle ved implementering av ny rammeplan. Vi har laga ein plan for dette arbeidet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.09.2017

Kunnskapsdepartementet har fastsett ny rammeplan for innhald og oppgåver i barnehagen. Den nye planen gjeld frå 1. august 2017.

Implementering

Implementeringa av den nye rammeplanen er eit langsiktig og kontinuerleg arbeid som skal gå føre seg over lengre tid. Alle nivå i barnehagesektoren skal bidra til at rammeplanen sine intensjonar blir iverksette og realiserte. Det går ein «rød tråd» frå formålsparagraf og rammeplan til nasjonale tiltak, strategiar og satsingar. Desse må så sjåast i samanheng med lokale planar og prioriteringar.

Fylkesmannen si rolle

Fylkesmannen si rolle på denne delen av barnehageområdet er å informere og rettleie lokal barnehagemynde, barnehageeigarar og andre aktuelle målgrupper om innhald, prinsipp og mål i den nasjonale utdanningspolitikken. Vidare skal Fylkesmannen motivere til deltaking i kompetansetiltak, initiere, koordinere og delta i nettverk i fylket og legge til rette for erfaringsdeling og kompetansespreiing. Desse verkemidla og tiltaka skal samla sett vere med på å auke kvalitet, kompetanse og regelverksetterleving i barnehagane.

Plan for implementering

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.